Vigsel i Gulen

Mange ønskjer å gifte seg i ei kyrkjeleg ramme. I Gulen har ein fleire moglegheiter.

Vigsel i Gulen

Bryllaup i kyrkja set kjærleiken inn i ein større samanheng. Feiringa av kjærleiken dykkar til kvarandre skjer framfor Gud, slekt og vener. Samstundes blir de ein del av ein fleire hundre år lang tradisjon i landet vårt. Velkomen til kyrkja for dykkar vigsel!

Ein kyrkjeleg vigsel set kjærleiken inn i ein større samanheng! Den norske kyrkja. I kyrkja har me ein lang tradisjon for å feire kjærleiken. Ønskjer de å gifte dykk i kyrkja, får de gje kvarandre lovnader om å halde saman og å elske kvarandre. Dette gjer de i eit vakkert kyrkjerom, framfor Gud, forlovarar, familie og vener.

Bryllaup i kyrkja er gratis og for alle
Det er heilt gratis å gifte seg i kyrkja der de bur (folkeregistrert adresse), så lenge ein av dykk er medlem i kyrkja.

Om de er unge eller gamle, nyforelska eller har vore saman lenge – de er velkomne i kyrkja. Det er inga krav til kva meiningar, verdiar eller tru de har. Alle par kan gifte seg i kyrkja.

Under vigselen blir de bedne for
I kyrkja blir ekteskapet sett inn i ein større samanheng. De blir bedne for – for ekteskapet, framtida, og presten bed om Guds velsigning over ekteskapsløftet.

Ei av bønnene som vert brukte i vigselen, lyder: Gode Gud, vi takkar deg for (namna på paret vert nemnde) og for kjærleiken deira til kvarandre. Velsign livet deira som ektefolk. Hjelp dei å halde dei lovnadene dei har gjeve kvarandre, så ekteskapet deira kan fyllast av tillit, omsorg og glede.

Ekteskapet er ei gåve frå Gud
I Bibelen står det at «Gud er kjærleik, og den som blir verande i kjærleiken, blir verande i Gud og Gud i han». Kyrkja formidlar at Gud har skapt oss i sitt bilete til å leve i fellesskap med seg og kvarandre. Ekteskapet er Guds gode gåve til oss menneske.

i Gulen

I Gulen har ein fleire moglegheiter. Forutan dei tre kyrkjene Brekke, Gulen og Mjømna har ein fleire stadar som er godkjed for vigsel utandørs. Til døme: 

- Tusenårsstaden Gulatinget
- Skjerjehamn

Når brudefolka er busett i kommunen, eller minst ei av brudefolka er døypt eller konfirmert i Gulen vert det ingen avgift ved vigselen. For andre er det ei seremoniavgift om ein ønskjer å bruke kyrkja til vigsel. Inkludert i det ligg kyrkja sine utgifter til oppvarming, reinhald, organist og kyrkjetenar. I tillegg kan bispedømet kreve betaling for prest. Ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tid og stad for vigselen.

I lenkja under kan du laste ned alle naudsynte skjema. 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"