Ny sokneprest frå august

Ny sokneprest frå august

Håkon Økland Kinsarvik er tilsett som ny sokneprest i Gulen, og startar i Gulen til hausten. Alt i august skal han ha nokre gudstenester her,  før han vert innsett som sokneprest av prost Helge Taranrød 8. september i Gulen kyrkje.

Den trettifem år gamle soknepresten kjem frå bygda Vaksdal. I ungdom- og barneåra var han aktiv med i Røde kors, og etter kvart vart han med på bedehuset på Vaksdal. Etter vidaregåande gjekk han eit år på bibelskulen ACTA. Året etter jobba han i organisasjonen LAGET før han starta på studier til å bli prest. Planen var eigentleg å bli styrmann, men ei kallsoppleving gjord at det var prest han skulle bli.

Han har studert ved misjonshøgskulen i Stavanger (i dag VID), ved NLA i Bergen og Kirkelig utdanning i nord (KUN). I 2018 var det fest i bygda då han vart ordinert i Vaksdal kyrkje. Det første året jobba han i  Eidsvåg og Biskopshavn sokn som kapellan. Frå 2019 og fram til i dag har han vore spesialprest i Meland sokn. Han har jobba mykje med barn og ungdom, samstundes som han har hatt vanlege presteoppgåver som gravferd, vigsel og gudsteneste. No ser han fram til å komme til Gulen.

Han flyttar til Eivindvik i sumar og ser fram til å bli betre kjend med lokalsamfunnet, bygdene og kyrkjelydane.

Vi ynskjer Håkon varmt velkommen til Gulen!

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"