Vil du bli den nye trusopplæraren i kyrkjene i Gulen?

Likar du å jobbe med barn og unge? Har du erfaring i å jobbe med kristent barne-og ungomsarbeid? Sjå då på denne ledige stillinga i kyrkja.

Vil du bli den nye trusopplæraren i kyrkjene i Gulen?

Stillingsutlysing trusopplærar i 25% stilling i Gulen frå 01.01 2025. 

Det er tre kyrkjesokner i Gulen: Brekke, Gulen og Mjømna. På grunn av lange avstander vil dei fleste trusopplæringstiltaka bli lagde til dei tre sokna, og tilpassa fleire aldersgrupper. Kyrkjekontoret ligg i kommunehuset i Eivindvik, der sekretær, organist, prest og kyrkjeverje har kontorplass.  

 

Litt om stillinga 

Vår tidlegare trusopplærar har slutta, og vi søkjer difor etter ny trusopplærar frå 01.01.2025. 

Stillinga utgjer 25 % og skal fylle desse funksjonane : 

  • Framhald og utvikling av etablerte trusopplæringstiltak som Tårnagent, Lys vaken, utdeling av kyrkjebøker til to, fire og  seksåringar og  andre samlingar for born i barnehage- og grunnskulealder.  

  • Informasjonsarbeid og kontaktskapande arbeid mellom kyrkja og folk som bur i bygdene våre saman med presten. 

Den som vert tilsett vil få høve til å gje tenesta «sitt» preg gjennom måten dei ulike oppgåvene vert løyst på. 

Ein stor del av oppgåvene vert lagt til ettermiddag/kveld og helg. Løn vert fastsett etter avtale og etter gjeldande tariff i Hovudavtalen for Den norske kyrkja. 

Kvalifikasjonar og eigenskapar 

Du som søkjer må 

  • kunne arbeide strukturert og sjølvstendig 

  • være god i norsk både skriftleg og munnleg (vi nyttar nynorsk skriftleg) 

  • ha førarkort og disponere bil 

  • vere medlem av Den norske kyrkja 

  • ha relevant utdanning innan kristendom, trusopplæring, pedagogikk eller barne- og ungdomsarbeid, men relevant erfaring frå kristent barne- og ungdomsarbeid kan kompensera for manglande formell kompetanse.  

  • ha evne til å formidle kristen tru på ein relevant og engasjerande måte for barn og unge 

  • vere utadvent og ansvarsbevisst med gode samarbeids - og gjennomføringsevner 

  • alle søkjarar vil bli vurdert om dei er personleg eigna, i tillegg til kompetanse og erfaring 

 

Det er ein føresetnad at den som vert tilsett kan samarbeide med alle dei andre i staben. 

Den som vert tilsett, må legge fram politiattest ikkje eldre enn tre månader før vedkomande tiltrer.  

 

Vi tilbyr 

 

  • Ei interessant og utfordrande stilling 

  • Godt arbeidsmiljø med engasjerte og kompetente kollegaer 

  • Fagutvikling  

  • Medlemskap i KLP 

Anna 

Søknad med CV sendast snarast til Gulen kyrkjelege fellesråd på e-post:  

post.gulen@kyrkja.no 

Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. 

Søknadsfrist: To veker frå kunngjering 

For meir informasjon ta kontakt med: 

Kyrkjeverje Ingunn Sognnes, mob 97044591 eller på mail: is299@kyrkja.no 

 

Dele-knappar kan ikkje vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies.For å gjera dette må du trykke på knappen heilt nedst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategoriar av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"