Dåp

Der eit lite barn blir bore til dåp, blir vi minna om at ingen kan bere seg sjølv. Men om det ikkje vart noko av då vi var små, er likevel dåpen tilgjengeleg for oss kva fase i livet vi enn skulle ha kome til. Som med alt anna Jesus var oppteken av, ville han opne for at vi får høyre til og høyre saman. Dåpen opnar fullt medlemsskap i kyrkja - dette fellesskapet som strekker seg over heile verda og gjennom alle tider. Og Jesu løfte var at uansett kva vi møter, skal vi kunne vere trygge på at han òg er der - vi er ikkje aleine.

Vi døyper fordi Jesus baud oss gjere det. Gjennom dåpen gir han trua eit ankarfeste utanfor oss sjølve, så vi slepp lure på om den åndelege tilstanden vår held mål. Vi får statusen som 'Guds barn' som ei gåve, og denne gåva står ved lag uavhengig om vi treng nærleik eller avstand i den relasjonen. Er du først døypt, treng du ikkje døype deg om att seinare, sjølv om livet tar ulike vendingar.

Nokre er usikre på om det å velje dåp for eit lite barn er rett. Realiteten er at foreldre vel for barna sine anten dei er medvitne om det eller ikkje, anten dei vel dåp eller vel å ikkje døype. Å gjere best moglege val - så lenge det er opp til oss vaksne - er 'foreldreansvaret i eit nøtteskal'.

Når barna så seinare får føresetnadane for å gjere eigne val, skal dei få gjere dei. Men inntil då er det dei vaksne sitt ansvar. Og vi held fast med stort frimod at å døype barna og gje dei eit kristent livsgrunnlag er eit godt val!

Så tek kyrkjelyden medansvar i å gje barna ei god innføring i kva ressursar for livsmeistring som trua og fellesskapen byr på. Trusopplærings-tilbodet i Hareid har fått nasjonal pris for kvalitet og omfang.

Påmelding til dåp gjer du via lenka nedanfor "Meld dåp". Der vil du finne info om dåpstidspunkt som er tilgjengelege framover. Om ikkje denne måten passar for dykk, ta kontakt med kyrkjekontoret (tlf. 70095130 eller epost kyrkjekontoret@hareid.kommune.no) for å avtale ein dato.

Sitat

For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.

Evangeliet etter Johannes, kap. 3, vers 16