Kulturminneskilt ved Hareid kyrkje

Hareid kyrkje har fått to kulturminneskilt som formidlar Hareid middelalderkyrkjegard og dei arkeologiske spora etter bronsealdergarden som er funne nord for kyrkja. Dette er eit samarbeidsprosjekt der både riksantikvar, Hareid historielag, Hareid kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og Hareid sokn har tatt del i.

Illustrasjon av stavkyrkja og forhistorisk bautastein. Bautasteinen stend framleis på kyrkjegarden. Teikning av kyrkja og landskap: Arnfinn Mork-Stordal.

Montering av desse skilta er ei forlenging av tidlegare programpost under "Opplev Hareid" i sommar, der fylkesarkeolog Arve Nytun haldt presentasjon i kyrkja om lokal middelalderhistorie med kulturhistorisk informasjon, krydra med musikalse innslag frå tidsepoka. Ei viktig og sterk historie som vi må ta vare på og som er verdt å synleggjere med denne kulturminneskiltinga.
Verdt å merke seg, er at det er ei QR-kode på skilta, som etter kvart vil innehalde meir informasjon om funna.

TILBAKEBLIKK:

Stavkyrkja på Hareid
Den fyrste kyrkja vi kjenner på Hareid var ei stav- kyrkje. Den har truleg stått i området like nordaust for prestestova. Stavkyrkja vart bygd på 1200- eller 1300-talet og er fyrst nemnt i skriftlege kjelder i 1432. Seinare vart den utvida med kor, takryttar og tverrskip mot sjøen. På sitt største hadde stavkyrkja i Hareid ei grunnflate på 240 kvadrat. Kyrkja brann ned etter eit lynnedslag i 1806.

Kyrkjeromet i mellomalderen
Opphavleg var det ikkje sitjeplassar i kyrkjene. Dei kom fyrst etter reformasjonen. Ein stod når ein skulle til messe, og rituala var knytt til den enkelte si oppleving i kyrkjeromet. Kyrkjene kunne vere rikt dekorerte med ristningar, maleri, helgen- bilete og andre objekt knytt til katolsk tradisjon. Døypefontane var ofte store og laga av stein, slik at heile barnet fekk plass i vatnet under dåpsritualet.

Mellomalderkyrkjegarden
I mellomalderen låg kyrkjegarden der prestestova og bauta- steinen står i dag. Ein kjenner ikkje ei sikker avgrensing av mellomalderkyrkjegarden, men både stavkyrkja og den seinare åttekantkyrkja skal ha stått i dette området. Prestestova vart flytta hit i 1964. Opphavleg stod den på gamletunet som låg like ved dagens rundkøyring. Den skal vere bygd på 1600-talet.

Førkristen gravplass
Opphavleg stod det to bautasteinar her. Den eine vart lagt i kyrkjegardsmuren, medan den andre står her den dag i dag. Her skal også ha vore gravhaugar som no er rydda vekk. Dette vitnar om førkristne gravleggingstradisjonar, og at området har vore ein viktig religiøs samlingsplass i kring 2000 år.

Åttekantkyrkja og dagens trekyrkje
Etter at stavkyrkja brann, vart det bygd ei ny kyrkje. Dette var ei åttekantkyrkje. Den stod ferdig i 1820. Den nye kyrkja måtte ha nytt inventar, og både preikestol og altertavle vart henta frå Stavanger. Åttekantkyrkja fekk ikkje stå særleg lenge. Den seig seg skeiv og vart difor riven. Dagens kyrkje vart bygt noko lenger søraust og stod ferdig i 1877 og vigsla i desember same året. 

Bronsealdergarden på Hareid
På Hareid er det funne spor etter busetting heilt tilbake til steinalderen. Arkeologiske registreringar på området nord og aust for kyrkjegarden har påvist restar etter forhistoriske buplassar frå ulike tidsepokar. Lengst mot aust ligg ein steinalderbuplass. Denne buplassen er truleg kring 5000 år gamal, og frå den tida då mennesket livnærte seg av jakt og fiske.

Lenger nordaust på området er det påvist spor etter ein gamal åker, datert tilbake til yngre bronsealder. Det vil seie at den er mellom 2500 og 3000 år gamal. Dateringane vitnar om at ein gard har vore etablert her i bronsealderen, og lenger nord vart busettingspor av hus avdekka. Her ligg det fleire stolpehol, og truleg kan desse sjåast i samanheng med dyrkingsaktiviteten. Nokon kan også vere frå yngre fasar, då garden truleg har vore busett utover i jarnalderen.

Området ligg sentralt til, med god jordbruksjord og nærleik til sjøen. Fiske og husdyrhold var truleg dei viktigaste ressursane, og på garden kunne dei produsere mellom anna mat, klede og reiskap. Vi veit at det inne på dagens kyrkjegard, like sørvest for busettingsområdet, har vore bautasteinar og gravhaugar. Ein av bautasteinane stend der den dag i dag. Dette tyder på at området har hatt ein viss kontinuitet som gravplass frå før- historisk tid og fram til i dag.

Andre sentrumsnære funn
Gravminner og spor etter jordbruksaktivitet finn vi også andre stadar i sentrumsområde. På Pålhaugane er det påvist forhistoriske jordbruks- spor samt ein gravhaug som vert kalla «Tua». Om lag 100 meter nord om kyrkjegarden, der det heiter Solstrand, vart det funne to krukker i ein grushaug. Disse er kring 1500 år gamle. Nedlegging av slike krukker ser ein ofte i samband med offer, eller gravleggingar.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"