Velkomne til dåp!

Den kristne kyrkja har døypt born og vaksne heilt tilbake til Jesu tid. Pinsedagen i Jerusalem hadde «stordåp» med 3000 mennesker som vart innlemma i den kristne kyrkja via dåpen. «Stordåp» kan vi oppleve i vår kyrkje også, når ei familie med 4 born døyper alle på ein og same dag, då må vi kunne kalle det for «stordåp»!

«Stordåp» kan vi oppleve i vår kyrkje også, når ei familie med 4 born døyper alle på ein og same dag, då må vi kunne kalle det for «stordåp»! Her ser vi sokneprest Leidulv Ø. Grimstad med 4 søsken som blei døypt i Hareid kyrkje i februar 2019.

Ingen alder for dåp
Fleirtalet av innbyggjarane i Hareid ber fram borna sine til dåp i løpet første halve leveår. Men det er fullt mulig å kome til seinare, ungdom og vaksne kan også finne ut at dei ynskjer dåpen i livet sitt. I Hareid tilbyr vi trusopplæring 0-18 år gjennom 24 ulike tiltak årlig. Dette er ope for både døypte og udøypte, men berre dei døypte kan vi sende personlig invitasjon til sidan dåpen er inngangen til medlemskapet i den norske kyrkja.

Eiga dåpsgudsteneste
Dåpen skjer som oftast i kyrkja, i ei søndagsgudsteneste, men også her finst det unntak. Dersom ein, av ulike grunnar, ynskjer ein meir privat og lukka seremoni, kan dåpen skje etter den ordinære gudstenesta er over. Enkelte søndagar har vi gudsteneste utanom kyrkjeromet; Holesanden, Alskleiva, Ishavsmuseet, Kvitneset, Melshornet. Også i desse gudstenestene kan ein ha dåp.

Dåpskjole
Vi har den store glede av å kunne tilby dåpskjole til utlån frå kyrkjekontoret! Tråd Kråa har sponsa tråden og den fantastisk flinke strikkedama, Evy Volle Pettersen, har på rekordtid strikka kjolen. Tusen hjarteleg takk! Kjolen kan lånast frå kyrkjekontoret og må stellast etter behov, før den vert returnert.

Alle er velkomne til dåp!

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Hareid Sokn

Besøksadresse:
Bedehusgata 17
.
Postadresse:
Postboks 48
6069 Hareid
.
Telefon: 70 09 51 30

E-post:
kyrkjekontoret@hareid.kommune.no

Opningstider for publikum på kyrkjekontoret:
Mandag: stengt
Tysdag-fredag: 10.00 - 15.00

.

Ansvarlig redaktør:
Bente Andreassen Pilskog

Organisasjonsnr: 976 99 7107
.

Hareid kyrkje: 
Kontonr: 4213.40.35026
Vippsnr: 16290
.
Hareid kyrkjelydshus: 
Kontonr: 4213.40.93611
Vippsnr: 525936

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"