Ingenting er umulig for Gud

Denne søndagen skulle tidligere sokneprest i Vår Frelsers menighet, Jostein Vestbø, holdt prekenen i Vår Frelsers kirke. Vestbø er godt kjent for sine gode prekener og vi legger den derfor ut her. Så ta noen minutter i stillhet og les denne. Det vil være noen godt bruket minutter..

Ingenting er umulig for Gud

INGEN TING ER UMULIG FOR GUD

Vår Frelsers kirke/Røvær bedehuskapell

 

Maria budskapsdag 22. mars 2020

Tekst: Luk. 1, 26-38.

 

Maria!

I dag handlar det om Maria. Jomfru Maria. Gudføderske. Himmeldronning. Beundra og besungen. Saligprist og sagnomsust. Sjølv seier ho: Jeg er Herrens tjenestekvinne. Og ho står der som eit levande eksempel på at ingen ting er umulig for Gud.

 

Maria har ikkje så stor plass i Det nye testamentet. Dessutan: Evangelistane er mykje meir interesserte i skriva om Jesu død og oppstandelse enn om hans unnfangelse og fødsel. Matteus har noko. Lukas mest.

 

Maria! Ei ung jente i Nasaret. Herrens tenestekvinne og Herrens mor. Ho får etterkvart ein stilling og ein status i folks tru og tanke som gir henne stadig nye titlar: Gudføderske. Himmeldronning.

 

Utgangspunktet er sjølvsagt at det er naturleg å gjera seg store tankar om henne, ho som har født verdens frelsar. Er HAN verd vår hyllest og tilbedelse, så må det vel også på ei eller anna vis gjelda hans mor.

 

I urkyrkja og i kyrjehistorien, særleg dei første kristne hundreår - er det – i forlengelsen av refleksjonen rundt Jesus også blitt tenkt og skrive mykje om Maria.

 

Mange har sett oppbyggelege bibelteologiske linjer tilbake til Det gamle testamentet.

 

La meg nemna nokre eksempel: Jomfru Eva hadde vore ulydig. Jomfru Maria var lydig. Den først skapte, Adam, svikta. Den førstefødde Jesus gjorde det godt igjen. Slangen i paradiset var den vonde fristaren som førte jomfru Eva og oss alle vekk frå den rette veg. Den gode hellige Ånd som slår til i jomfru Marias morsliv bringer jomfru Maria og oss alle på sporet igjen. Gjennom ein ny begynnelse, ein mirakuløs eingongshendelse på linje med verdens skapelse. Den underets Gud som i tidenes morgen skapte verden av intet, han kan i gudmennesket Kristus gjera under, den Kristus han også utan vanskar kan reisa opp frå dei døde. Han skal også skapa ein ny himmel og ei ny jord og gjera alle ting nye. Og så spør ein: Kven veit, skal tru om ikkje denne underets Gud også kan frambringa ein fødsel i ei jomfru, utan mann?

 

Slik har kyrkja frå dei tidlegaste tider gjort seg tankar der Maria er med, ikkje berre som Jesu mor, men som jomfru i bokstaveleg forstand. Det er ikkje for ingen ting at ho nettopp som det også er med i den apostoliske truvedkjenning.

 

Tankane om jomfrufødselen blir formidla gjennom teologiske resonnement. Gjennom overlevert truverdig historisk materiale. Gjennom forteljingar frå grenselandet mellom historie og myte.

 

Det nye testamentet er ikkje gjennomført historieskriving i moderne meining. Det betyr ikkje at ikkje innhaldet er sant. Poenget er ikkje om bestemte hendingar i detalj foregjekk nøyaktig slik eller slik. Det som er viktig for oss er å få tak i kva det er for ein sannhet dei ulike tekster i hovudsak ønskjer å formidla.

 

Evangelieskriftene er ein spesiell sjanger. Sjølvsagt dreier det seg som sakleg dokumentasjon. Men der er også rett forstått visse likhetstrekk med historiske romaner. Det er berre i vår firkanta toppetasje at legendeaktige tradisjonar ikkje kan innehalda truverdige vitneutsagn. Tekstene i Det nye testamente er meir enn noko anna å betrakta som forkynnelse, forkynnelse om Jesus.

 

Også Lukas-evangeliet. Sjølv om Lukas i innledningen sterkare enn dei andre presiserer at han vil skriva ned historien om Jesus frå ende til annan slik han på ulik vis, og sikkert mest frå muntlege kjelder, har fått den overlevert.

Og blant alt han har høyrt om Jesus er altså barndomsforteljingane, ja han er den som også kan sei noko om unnfangelsen og koss Maria reagerte på det oppdrag ho fekk.

 

Sidan er dette utbrodert mykje meir, i refleksjonar, i folkelege mytiske forteljingar og i symbolrik kyrkjekunst.

 

Alle med omløp i hovudet vil jo sei at jomfrufødsel ikkje berre er usannsynleg, men direkte naturstridig. Nokon vil sei at jomfrufødselen er eit av dei viktigaste element i den kristne truslære som viser kor truskyldig og naiv kristne menneske må vera.

 

Sjølvsagt har me problem med å forstå jomfrufødselen. Me veit betre. Det gjorde Maria også. Har du tenkt på at Maria – slik Lukas fortel det - var den første som stilte spørsmål ved jomfrufødselen?

 

Maria var ikkje dum og blåøygd. Kanskje ho trekte på smilebandet slik den 90 år gamle Sara gjorde då ho fekk høyra om SIN usannsynlege graviditet?

 

Men Maria seier likevel ikkje: Dette er umulig, dette er tull. Ho protesterer ikkje på jomfrufødselen, ho stiller - som sagt - spørsmål ved den. Det er eit godt utgangspunkt.

 

Eg vil ta fram eit eksempel på ein tekst om Maria som er mykje yngre enn Lukas-evangeliet, frå 200 eller 300 talet. Den fekk av gode grunnar ikkje plass i Det nye testamentet. Det betyr ikkje at den ikkje er spennande og interessant. Den er, om eg så må sei, fantastifull og fornøyeleg. Den er fascinerande. Den er, som evangelieskriftene, framfor alt forkynnande. Den er, synest eg, til befriande ettertanke.

 

Dette skriftet – som går under namnet Bartholomeus-evangeliet - fortel at etter at Jesus hadde stege opp til himmelen, begynnar displane naturleg nok å lura på mange ting og diskutera seg i mellom.

Dei stiller spørsmål om Jesu død og oppstandelse. Det er jo det viktigaste. Men dei lurer også på ein del andre ting, blant anna dette med hans unnfangelse og fødsel.

 

Maria var jo der saman med dei (det står jo også i Apostelgjerningane), så dei spør henne om koss i all verden hennar morsliv kunne romma Gud, han som himmelen og himlars himmel ikkje kan romma. Med andre ord koss eit menneske kan vera gudføderske.

 

Det er jo klart at her har forfattaren lagt inn i denne historien spørsmål som var oppe i samtida, på 200 og 300 talet: koss ein skulle uttrykkja mest korrekt kva barnet Maria fødte var for eit vesen, om Jesus var Gud i menneskeskikkelse – eller om det var rettare å sei at han var eit menneske med guddommelege eigenskapar, eit slags overmenneske.

 

For å kunna sei noko om det, hadde det vore interessant å vita noko om unnfangelsen. Derfor spør disiplane rette vedkomande om dette, og dei er spente på kva Maria vil sei.

 

I første omgang vil ho ikkje snakka om dette i det heile tatt. Ho vegrar seg for å svara. Ho seier: ”Viss me begynnar å snakka om dette, vil det koma ein eld ut av meg og fortæra heile verden! ”

 

Men disiplane gir seg ikkje. Dei masar på henne og til slutt gjer Maria seg klar til å svara. Men først strekker ho hendene opp mot himmelen og tilber og ærar Gud for hans stordom og velde. Så gir ho beskjed om at fire apostlar må ta tak i henne og halda henne fast, for, seier ho, ho er redd at når ho begynnar å forklara det store mysterium om koss Gud blei menneske, då kan beina koma til å løysna i kroppen hennar.

 

Fire apostlar gjer som dei er blitt bedne om. Så opnar Maria munnen og skal til å tala. Ho får ikkje fram eit ord. I staden skyt ein voldsom eld ut av munnen hennar, og ikkje berre hennar eigen kropp, men heile verden er nær ved å gå opp i flammer, heiter det.

 

Samtidig viser Jesus seg, og han kjem med ein alvorleg advarsel til både Maria og disiplane: dei må passa seg for spørja slik, dei må ikkje tukla for mykje med inkarnasjonens mysterium, for då vil heile skaparverket gå i oppløysing!

 

Så kan me spørja: Er dette ein sann historie? Og med vår eindimensjonale og overflatiske fornuft kan me gjera oss ferdige med den og sei: dette har nok ikkje hendt.

 

Men då har me gått glipp av poenget. Dette er ei forteljing som på ein måte neppe er sann, men som likevel inneheld ein viktig sannhet. Ein viktig erkjennelse. Ein viktig holdning.

 

Det er ei forteljing som har det til felles også med tekster som kom inn i Bibelen at det faktisk er viktigare kva som skjer med oss når me høyrer dei enn om det dei handlar om i detalj faktisk skjedde akkurat slik det er beskrive.

 

Den eller dei som har skrive Bartholomeus-evangeliet, tar opp eit viktig spørsmål, men avstår bevisst frå å svara. Forteljinga om Maria som blei stum då ho skulle forlara jomfrufødselen, den seier noko om at eit paradoks ikkje kan eller skal forklarast.

 

Nokon vil sei at det er typisk teologisk unnfallenhet og tåkelegging. Det dreier seg ikkje om det. Det dreier seg om - i respekt for at naturen i tillegg til naturlover også rommar det naturstridige - å avstå frå å plukka mysteriet frå kvarandre gjennom overivrig blind spekulasjon.

 

Eg har sagt det før og seier det igjen: den mest anvendbare formidling av evangeliet om Jesus skjer gjennom poetisk teologi og antydningens kunst. Det var også den form Jesus ofte brukte i si forkynning. Bilder og teikn. Lignelser og illustrerande symbolhandlingar.

 

I forteljings form står me altså i denne fantasifulle forteljinga overfor ein advarsel mot å kreva svar på Marias spørsmål i dagens tekst: Hvordan skal dette gå til?

 

Maria er klar over at det her dreier seg om større ting enn ord kan beskriva. Både i Bartholomeus-evangeliet og hos Lukas forholde ho seg til mysteriet med tilbedelse. Maria bøyer seg i tru og tillit.

Slik er Maria på fleire vis eit forbilde og ikkje utan grunn stundom kalla alle troendes mor. Nokon vil sei: ho alle godtroendes mor.

Nei, ho er alle troendes mor - ved sida av han som er kalla alle troendes far, nemleg Saras husbond patriarken Abraham i Det gamle testamente.

 

Maria! Jomfru Maria. Beundra og besungen. Saligprist og sagnomsust. Mønstergyldig reflektert og inntrykksopen.

 

Herrens forbilledlege tenestekvinne, gudføderske og himmeldronning, stansar oss på denne dagen som ber hennar namn. Maria, alle troendes mor, gir vidare til oss det trusstyrkjande engleløftet ho har fått, det same som Abraham, alle troendes far, fekk: Ingen ting er umulig for Gud.

 

Så skal me saman med Maria ta mysteriet og alle ubesvarte spørsmål med oss inn i refleksjonens og tilbedelsens rom.

 

Eg tenkjer meg at Maria seier: La oss sjå det store i at det finst ting som overgår vår fatteevne. La oss undra oss saman over underet.

 

Mon ikkje ho også føyer til: Den gode Ånd som greip inn i mitt liv er der også for dykk, kan gripa inn i dykkar liv og gjera endringar de ikkje trudde var mulig. Den Ånd som ikkje berre gjorde noko i min mage, men i heile meg, og gav meg ein uimotståeleg anelse av at ingen ting er umulig for Gud.

 

”Klinge skal et jubelkor

av Guds kirkefolk på jord

og av englehæren stor

for barnet som er båret av Maria.

”Gud med oss” er nå hans navn: Immanuel.

Han er kommet, som ble meldt av Gabriel.”

 

Foto:free bible images







Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"