KONFIRMANT 2025

Er du fødd i 2010 eller er ein av dei som skal starte i 8.klasse til hausten? Lurer du på om du skal konfirmere det i Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje eller Leikanger kyrkje, fordi du er døypt i ei av desse tre kyrkjene og høyrer til der?  Eller veit du allereie at du vil?

KONFIRMANT 2025

 

TO INFORMASJONSMØTE 6.JUNI KL 17 ELLER KL 19
Velkomen skal du vere på informasjonsmøte torsdag 6.juni,
enten kl 17 eller kl 19. Begge informasjonsmøta vert i Amfiet, i den store kyrkjekjellaren i Herøy kyrkje. Ved inngangsdøra står det «Ungdomsavdeling».
Det blir nyttig informasjon, videoar frå tidlegare år og servering av vafler! Velkomne både føresette og ungdomar!

Målet for konfirmanttida er at du som konfirmant skal bli betre kjend med deg sjølv, med dei andre konfirmantane, med kyrkja og med Jesus. Vi håper DU vil vere med!
Vi som arbeider i kyrkjene eller er frivillig medarbeidar i kyrkjene ynskjer å bli kjend med deg. Vi vil dele mange fine opplevingar ilag det komande året.

Informasjon om konfirmantåret

Søndag 15.september kl 11 vert dei nye konfirmantane som høyrer til i Herøy kyrkje/sokn presenterte. Likeeins i Leikanger kyrkje/sokn.
Søndag 29.september kl 11 vert dei nye konfirmantane som høyrer til i Indre Herøy kyrkje/sokn presenterte.

Vi legg til rette for nokre turar i løpet av året. Bli-kjendt-tur i nærområdet, ein helgetur til Lillehammer der vi deltek på ein konfirmantfestival som heiter «Hekta» og ei pilegrimsvandring på øya Herøy som er nøkkelstad på Kystpilegrimsleia.

Vi har konfirmantsamling på tysdagar eller torsdagar rett etter skuletid (alt etter kva gruppe du kjem i). Vi planlegg for samlingar både i Indre Herøy og i Ytre Herøy.
Konfirmantforeldra får mellom anna ansvar for noko matservering i løpet av konfirmantåret. Nokre konfirmantforeldre vil også bli spurt om å vere med til Lillehammer, slik at vi er nok vaksne på tur saman med konfirmantane. 

Konfirmantane får vere med å lage ei eller to gudstenester i løpet av året. I tillegg får dei ha oppgåver ved tre andre gudstenester i løpet av konfirmantåret, noko dei fleste synest er både lærerikt og interessant.

Vi har også interessegrupper som de blir delt inn i, alt etter kva de ynskjer å vere med på. De kan velje mellom fleire grupper som KRIK Villmark, Film og revy-gruppe, Bakegruppe, NMS Gjenbruk-butikken i Myrvåg, TenSing og Biljard og spelegruppe. Det vert informert meir om desse gruppene og kor ofte det skjer på informasjonsmøtet 6.juni.

Datoar:

Presentasjonsgudsteneste:
15.september kl 11: Både i Herøy kyrkje og i Leikanger kyrkje
29.september kl 11: I Indre Herøy kyrkje

Lysmesse:
1.des kl 18 i Indre Herøy kyrkje (for dei som høyrer til i Leikanger sokn og i Indre Herøy sokn, dvs dei bur på Leikong, Jøsok, Myrvåg, Tjørvåg, Moltu og Nautøya.)

1.des kl 20 i Herøy kyrkje (for dei som høyrer til Herøy sokn, dvs alle som bur på Leinøy, Remøy, Runde, Bergsøy og Nerlandsøy).

Festgudsteneste (tidlegare vart dette kalla samtalegudsteneste) i mars. Dato kjem seinare.

Konfirmasjonsdagar i 2025:

Søndag 4.mai: Konfirmasjon i Herøy kyrkje for Utøyane
Søndag 4.mai: Konfirmasjon i Indre Herøy kyrkje

Søndag 11.mai: Konfirmasjon i Herøy kyrkje for Bergsøykonfirmantane

Søndag 11.mai: Konfirmasjon i Leikanger kyrkje

-Ynskjer de laurdagskonfirmasjon istadenfor oppsett konfirmasjonssøndag, så må de krysse av på skjema ved påmelding: Laurdag 10.mai – Konfirmasjon i Herøy kyrkje

Pris:

Kr 2500,- for heile året. Dette inkluderer turane, og gir oss moglegheit til å gjere kjekke ting i lag på konfirmantsamlingane. Vi ynskjer å legge til rette for at alle kan vere med! Ta kontakt dersom det er behov for ekstra tilrettelegging av ein eller annan grunn.
Dersom kostnaden er ei utfordring, tar de også kontakt med oss, så finn vi ei løysing på det. 

Du treng ikkje vere korkje døypt eller medlem i Den Norske Kyrkja for å starte konfirmantåret hos oss! Dersom du ikkje er døypt, så vil du bli døypt etter nyttår etter eiga dåpsundervising og i god tid før konfirmasjonen.
Er du ikkje medlem, så må du melde deg inn i kyrkja, for å vere konfirmant hos oss. 

Veit du allereie at du vil konfirmere deg hos oss, så kan du melde deg på digitalt frå og med 6.juni, her på nettsida.

Vi vil likevel råde dykk til å kome på informasjonsmøte, då det blir gjeve nyttig informasjon om det komande året!
De veljer sjølve om de kjem til kl 17 eller til kl 19, torsdag 6.juni i Amfiet i kyrkjekjellaren i Herøy kyrkje!

Hjarteleg velkomen til KONFIRMANTÅR hos oss!

Helsing konfirmantleiarane
Ragnhild Danbolt Øygard, diakon
Dag Johan Flattun, organist
Solfrid Leinebø Seljås, prest
Kjell-Roger Isene, prest
+ frivillige medarbeidarar som vert presentert etterkvart.

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Herøy kyrkjelege fellesråd

Herøy kyrkjekontor

Lisjebøvegen 1
6091 Fosnavåg

 

Opningstider

Kontor i Herøy kyrkje
Måndag — fredag kl. 9-15

Kontakt

Telefon 70 08 02 60  |  418 60 780
Epost kyrkjekontoret@heroy-kyrkje.no
Tilsette

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"