Administrasjonssekretær 60% stilling

Høyanger kyrkjekontor har ledig ei fast 60% stilling som administrasjonssekretær frå 1.1.2023.

Administrasjonssekretær 60% stilling

Vi held til i Høyanger samfunnshus, og saman står vi på for at alle som treng våre tenester får hjelp og service, det vere seg dåp, dåpsopplæring, brudlaup eller gravferd. Du må tole høgt tempo, like publikumskontakt og la deg inspirere av engasjerte medarbeidarar. Dine kollegaer i arbeidet vil være kyrkjeverje, 2 prestar, kantor og kyrkjelydsarbeider, samt medlemer i råd og utval.

Arbeidsoppgåver :

Adm. sekretæren utfører kontor- og administrasjonsoppgåver for fellesråd, sokneråd, kyrkjeverje og prest, som td. informasjonsarbeid og publikumskontakt, ansvar for drift og oppdatering av HKF si nettside og sosiale media, posthandsaming og arkiv, samt innkjøp av materiell til kontoret. Adm. sekretæren syter for fakturering av festeavgifter og handsaming av innkomne fakturaer, og avløyser kyrkjeverja i ferier, og elles ved behov i samband med tilvising av graver. Sekretæren må kunne arbeide sjølvstendig.

Kvalifikasjonskrav:

  • Ein ryddig, arbeidssom og nøyaktig medarbeider.
  • Utdanning som sekretær eller annan administrativ kompetanse.
  • Dokumentert erfaring frå adminstrativt arbeid.
  • Særs gode data kunskaper.
  • Erfaring med budsjettarbeid og rekneskap er ynskjeleg.
  • Gode samarbeidsevner og personleg eigenskap vil bli vektlagt.
  • Den som blir tilsett må beherska arbeidsspråket norsk, både skriftleg og munnleg.
  • Medlemsskap i Den norske kyrkja.

Vi tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø i fine lokaler, moderne kontorutstyr og ein digitalisert kvardag
  • Opplæring i våre datasystem Medarbeideren, Ecclesia, Visma, arkivsystemet Public 360, Microsoft 360
  • Fellesrådet har forsikrings- og pensjonsordning i KLP
  • Stillinga vert løna etter kyrkjeleg tariffavtale med stillingskode 5151 Sekretær.

Anna: 

  • Administrasjonssekretæren arbeider dagtid 3 dagar i veka.
  • Det er utarbeidd instruks for stillinga.
  • Prøvetida er 6 månader.

For meir informasjon:

Kontakt kyrkjeverje Bjørnar Otterstein 91763803 eller administrasjonssekretær Katarina Vattekar 40458649

Søknad med referansar og rettkjend kopi av attestar og vitnemål sendast til post.hoyanger@kyrkja.no

 

Søknadsfrist: 24.10.2022

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Vil du treffe oss?

Ring og avtal møte!

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Telefontider:
Mandag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 09.00-15.00

Merk at vi kan sitje i møte og ikkje alltid kan svare!

Tilsette på kontoret:
Administrasjonssekretær: 
Renate Ørnehaug Dale
Kyrkjeverja: Stig Jonny Fitje
 
Prest: Andreas Ester
Diakon / prest: Inger Cesilie Fitje
 
Redaktør:
Kyrkjeverja

Profilbilder:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"