Byggande arbeid treng hus – redd bedehuset!

Å bygga gode lokalsamfunn gjennom barne- og ungdomsarbeid og fellesskapsbyggande aktivitet er viktig for kyrkja, difor trengs det egna lokale. Det kan bedehuset i Høyanger vera.

(Foto: Vilde Grimelid Oppedal)

No på sundag, 21. mars, vert kyrkjemedlemmar i Høyanger kalla inn til soknemøte etter gudstenesta. På dagsorden står framtida til bedehuset i sentrum av tettstaden Høyanger. Det er ei sak som er særs viktig for kyrkjelyden, men også for alle andre som er opptekne av at Høyanger skal vere ein god stad å vakse opp og leve i for framtida.

For to år sidan var eg på visitas i Høyanger. Eg vart imponert over dei mange kvalitetane i denne kommunen, og ikkje minst av den vakre tettstaden i sentrum. Her ligg mykje til rette for å fremje fellesskap og trivsel, og i dette arbeidet vil kyrkja gjerne vere med. Utfordringa er at kyrkjelyden ikkje har dei tenlege lokala som er naudsynt for å skape dei gode tilboda som ein gjerne vil gje til innbyggjarane. Kyrkja i Høyanger ligg flott til og er godt egna til gudstenester og kyrkjelege handlingar, men ikkje til alt det andre arbeidet som kyrkjelyden gjerne vil drive. Det er her bedehuset kjem inn. Huset er godt egna til dette formålet, og ligg sentralt plassert.

Under visitasen i Høyanger fekk eg vitje bedehuset. Her fortalde ivrige medarbeidarar kva dette huset kan bety både for kyrkjelyden og det øvrige samfunnet i Høyanger framover. I mitt visitasføredrag frå 10. mars 2019, sa eg difor  følgjande: «Eg vil takka kommunen for eit godt møte og en god samtale, for at de ser at kyrkja er viktig for lokalsamfunnet og at de ser at ein treng å prioritera vedlikehald og bygningar. Eg vonar at kyrkjelyden saman med kommunen óg kan sikre ein vidare drift i bedehuset i sentrum av Høyanger. Dette huset ligg sentralt og er ein viktig føresetnad for vidare satsing innan barne- og ungdomsarbeidet, undervisning, diakoni og anna fellesskapsbyggjande aktivitet.»

No er tida inne til å ta grep. No må kommunen og kyrkjelyden saman ta det løftet som her er naudsynt - gjerne saman med einskildpersonar og lag som er opptekne av framtida for folket på denne staden. Eg vonar at soknemøtet søndag kan bli eit positivt steg framover i prosessen med å sikre framtida til bedehuset i Høyanger.

Halvor Nordhaug

Biskop i Bjørgvin

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Vil du treffe oss?

Ring og avtal møte!

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Telefontider:
Mandag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 09.00-15.00

Merk at vi kan sitje i møte og ikkje alltid kan svare!

Tilsette på kontoret:
Administrasjonssekretær: 
Renate Ørnehaug Dale
Kyrkjeverja: Stig Jonny Fitje
 
Prest: Andreas Ester
Diakon / prest: Inger Cesilie Fitje
 
Redaktør:
Kyrkjeverja

Profilbilder:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"