Helgemesse, eller Allehelgensdag, er ein dag då mange minnest dei av familie, slekt og vener som no er døde. Mange går på kyrkjegardane og tenner lys på grava og minnast. Å sørgje og minnast kan vere sårt og tungt, men også godt.
Denne dagen vert de inviterte til gudstenesta i kyrkja i dykkar sokn. Der vil namnet til den du/de har mist bli lese opp og det vil bli tent eit lys for kvar einskild. Gudstenesta vil vere prega av at det er Helgemesse med tekstar, salmar og bøner.
Det er fint om du/de nemner det for dei andre som de trur det er aktuelt for i familien.
Bjordal kyrkje 6.november kl. 11.00.
Lavik kyrkje 6.november kl. 18.00.
Høyanger kyrkje 9.november kl. 18.00.
Kyrkjebø kyrkje 13.november kl. 11.00.
Vadheim bedehuskapell kl. 17.00.
Hjarteleg velkomne til gudstenesta!