Ledig 100% stilling som kyrkjelydspedagog

Størst av alt er trusopplæring for barn og unge! Vi søkjer difor etter ein motivert, utadvendt og utviklingsorientert kyrkjelydspedagog med relevant utdanning.

Ledig 100% stilling som kyrkjelydspedagog

I Høyanger kommune med ca. 4 000 innbyggjarar er det ledig ei 100% fast stilling som kyrkjelyds-pedagog for snarleg tilsetjing. Stillinga er oppretta for å drive med kyrkjeleg undervisning for barn, unge og vaksne, og er Den norske kyrkja sitt tilbod om undervisning for døypte og interesserte i kyrkjelydane. Stillinga er delt mellom Høyanger (75% ) og Gaular (25%).

Høyanger kommune har eit variert næringsliv med kraftproduksjon, aluminiumsindustri, oppdrett, handel og service, entreprenørskap og jordbruk som dei viktigaste næringane. Kommunen ligg i Vestland fylke nord for Bergen, på begge sider av Sognefjorden. Reisetida frå Bergen er ca. 3 timar med bil eller båt. Næraste flyplass er Førde lufthavn, ca. 45 minutt med bil frå Høyanger.

Kommunesenteret Høyanger har i underkant av 2 000 innbyggjarar. Her er barne- ungdoms- og vidaregåande skule, og det er god barnehagedekning. Her er også kyrkjekontoret med prest (100%), kantor (100%), administrasjonssekretær (80%), kyrkjelydspedagog og kyrkjeverje (100%). Kommunen har 4 sokn, 5 kyrkjer og 1 bedehus der kyrkjelydane samlast. Mesteparten av kyrkjelydspedagogen sitt arbeid vil foregå i sokna Høyanger, Kyrkjebø, Lavik  og Bjordal/Ortnevik (75%), samt i Gaular sokn, Sunnfjord kommune  (25%).

Gaular sokn har tre kyrkjestader, Bygstad, Sande og Viksdalen som alle ligg langs Gaularvass-draget (lakseelv) som strekkjer seg frå Dalsfjorden og opp til Gaularfjellet i aust. Det bur i overkant av 3 000 menneske i soknet.  Mange pendlar til tettstaden Førde og har sin arbeidsstad der.  Det lokale kyrkjekontoret ligg i Sande, som tidlegare var kommunesenter før kommunen vart del av Sunnfjord kommune.  Kyrkjekontoret husar forutan kontor for trusopplærar, kontor for sokneprest (100%), diakon (100%), kantor (50%), kyrkjelydssekretær (40%), og seniorkonsulent fellesrådet (100%).

Det er barnehagar og barneskule i alle kyrkjekrinsane og ungdomsskule på Sande og i Viksdalen.  Sande har i dei seinare åra hatt markant auke i folketal og barnetal. Sande ligg ved E39 mellom Vadheim og Førde (25km), ca. 40 km. frå Høyanger.  Alle gjennomgåande rutebussar til/frå Bergen har stopp i Sande og det er 10 minutt køyring til Førde lufthavn. 

Arbeidsoppgåver for kyrkjelydspedagogen:

  • Planlegge, styre og gjennomføre trusopplæringstiltak for barn og unge, som td. småbarnstreff, minikonfirmantsamlingar mm. i samarbeid med friviljuge og tilsette.
  • Kreativ og pedagogisk trusformidling overfor barn, unge og vaksne.
  • Utvikle nye prosjekt innafor trusopplæringa, og vere med å rekruttere til desse.
  • Ta del i konfirmantarbeidet saman med sokneprest, kantor og friviljuge medarbeidarar. Helge- og kveldsarbeid må påreknast.

Kvalifikasjonar

3-årig universitet- eller høgskuleutdanning, Bachelor eller tilsvarande, med minimum 30 studie-poeng pedagogikk og 30 studiepoeng kristendom/teologi. Søkjarar med anna utdanning innan kristendom, teologi, pedagogikk og/eller med relevant praksis vil også bli vurderte.

Du må ha gode formidlings- og samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med barn og unge. Du er strukturert, har gode pedagogiske og administrative evner, og må kunne jobbe både sjølvstendig og i team. Evne til tverrfagleg samarbeid er viktig.

I tillegg til utdanning, vil relevant erfaring og personlege eigenskapar bli vektlagt:

At du  har erfaring og engasjement for arbeid med trusformidling til barn og unge.

At du er omgjengeleg og kontaktskapande, og flink til å byggje gode relasjonar.

 

Vi kan tilby:

Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø

Gode kontortilhøve

Løn i samsvar med KA sin Hovedtariffavtale

Medlemskap i KLP

Hjelp til å skaffe bustad

 

Særskilde krav:

Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande Politiattest.

Referansar må oppgjevast

Det er krav om medlemskap i Den norske kyrkja.

Du må ha sertifikat, og disponere eigen bil.

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til:

Sokneprest i Høyanger Andreas Ester, ae639@kyrkja.no, mob. 45221737

Sokneprest i Gaular, Frode Skeide, frode.skeide@sunnfjordkyrkja.no, mob.95100916

Kyrkjeverje i Høyanger Bjørnar Otterstein, bo446@kyrkja.no,  mob. 91763803

 

Send søknad i Webcruiter vedlagt rettkjend kopi av attestar og vitnemål

Søknadsfrist 1. mai 2022

 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Vil du treffe oss?

Ring og avtal møte!

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Telefontider:
Mandag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 09.00-15.00

Merk at vi kan sitje i møte og ikkje alltid kan svare!

Tilsette på kontoret:
Administrasjonssekretær: 
Renate Ørnehaug Dale
Kyrkjeverja: Stig Jonny Fitje
 
Prest: Andreas Ester
Diakon / prest: Inger Cesilie Fitje
 
Redaktør:
Kyrkjeverja

Profilbilder:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"