Ved å klikke lenka under, "Søk på gravplassen", kjem du til ei side der du kan SØKE etter opplysningar om gravlagde på kyrkjegardane våre. Ut frå delar av eit namn kan ein finne fullstendig namn, fødselsdato, dødsdato, gravlagd dato og gravident. Dei opplysningane som ligg på Internett er i hovudsak dei same som ein kan finne ved å gå på gravplassane og lese på gravminna. Ein kan også sjå plasseringa av grava på eit logisk /skjematisk kart.
Gravidenten er oppbygd slik: 02.D.11.015 - Kyrkjegardsnummer.Felt.Rekkje.Gravnummer. Felt og rekkenummera finn du att på feltkarta som er nemnde lenger oppe på sida. Kyrkjegardsnummera er 01 Søbøe, 02 Kyrkjebø, 03 Vadheim, 04 Tunga (Høgereina), 05 Lavik, 06 Ikjefjord, 08 Bjordal og 09 Ortnevik.
Dersom du skulle få opp "sletta" på ein person du søkjer etter, tyder det at grava har gått attende til kyrkjegarden. Gravlagde som er registrerte som "sletta" kan i fleire tilfelle framleis ha namnet på ein gravstein som står ein annan stad på kyrkjegarden. Det er alltid den sist gravlagde som vil vere registrert på ei grav slik at dersom ein son er gravlagt i grava til mor si, vil mora si grav stå oppført som "sletta".
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.