Slik foregår vigselen

Paret kan vera aktivt med i planlegging og gjennomføring av vigselsseremonien.

Dette gjeld både prosesjonen, val av bibeltekstar, salmar og musikk og eventuelt tenning av lys. Dessutan kan dei vera med på å avgjera rammene rundt ekteskapsløftet, overrekkelsen av ringar og forbønnen for paret.

Det er også mogleg med kulturelle innslag som understrekar bakgrunnen til paret. All planlegging må skje i samarbeid med prest og organist/kantor. Disse har ansvar for å godkjenna innhaldet i seremonien. Viss den eine part tilhøyrer eit anna trussamfunn enn Den norske kyrkja, kan biskopen godkjenna at eit frå vedkommande trussamfunn deltar ved vigselen.

Pynting av kirkerommet
Ofte er det fleire vigslar i same kyrkje same dag. Samarbeid om pyntingen kan vera ein god ide. Avtale om tidspunkt for pynting blir gjort med den kyrkjetenaren som er på arbeid den aktuelle dagen.

Val av musikk
Organisten har ansvar for å godkjenna musikken som skal brukast ved vigselen. Viss paret har ønske om spesiell prosesjonsmusikk eller andre song/musikkinnslag, er det viktig å ta kontakt i god tid med organisten. Dette gjeld både godkjenning av musikkinnslag og tidspunkt for øving. Vêr oppmerksam på at det om sommaren blir brukt ein del vikarar for dei(n) faste organisten(e).

Entreen til paret
Mange stader er det tradisjon at paret går inn saman. Dette er den gamle kyrkjelege ordninga og eit uttrykk for at dei to sjølv kjem til kyrkja for å ordna det formelle ved å stifta eigen familie.

Prosesjon
Skal det vera brudepiker og brudesvenner i prosesjonen, må dette avklarast på førehand. Det er også høve til å ha ein større prosesjon med forlovere og prest. Prosesjonen skal enda ved alteret. Det må òg avtalast om både bryllupspar, foreldre og forlovere skal sitja på eigne stolar framme føre alterringen.

Før utgangsprosesjonen går presten ut av alterringen og gratulerer paret, forlovere og foreldre. Bryllupsparet går først i utgangsprosesjonen, deretter brudepiker og svenner, så forlovere og foreldre og til slutt resten av gjestene.

Skriftlesning, salmar og talar
Den første delen av vigselen er den spesifikt kyrkjelege. Etter prosesjon og velkomstord er det ein felles salme og/eller solosong før skriftlesning og tale. Familie og venner som ønsker å delta i seremonien, kan til dømes lesa frå Bibelen. Etter talen er det gjerne ein salme eller eit musikkinnslag før sjølve vigselshandlinga.

Ekteskapsløftene
Para kan velja mellom to ulike måtar å avlegga ekteskapsløfte på. Den tradisjonelle måten er at presten stiller to spørsmål til dei som skal viast, og dei så svarer ja. Den andre måten er at paret sjølv framfører ekteskapsløfta ved å gjenta etter presten: Eg tar deg, NN, til ektefellen min. Eg vil elska og æra deg, og bli trufast hos deg i gode og vonde dagar inntil døden skil oss.

Ringene
Det er mogleg for paret å gi kvarandre ringar under vigselen. Då skjer overrekkelsen etter at presten har sagt: ”Gi no kvarandre ringa, som de skal bera til teikn på løftet om troskap”. Alternativt kan paret gjenta følgjande etter presten: NN, eg gir deg dette ringet som eit teikn på løftet mitt om kjærleik og troskap.

Forbønn for paret
Forbønnen kjem etter løfteavleggelsen. Paret går fram til alterringen og kneler medan presten legg handa på hovuda deira. I tillegg til presten kan òg nokon av gjestene vera med og be for paret. Det er mogleg å velja mellom ulike bønner eller be ei bønn som paret sjølv har vore med på å utforma. I tillegg til bønnene kan det tennast lys og syngast ein bønnesalme. Etter forbønnen ber alle bønna Faren Vår.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Høyanger kyrkjelege fellesråd

Besøksadresse

Marcus Thranesgate 3

6993 Høyanger

Vil du treffe oss?

Ring og avtal møte!

Org.nr NO 976 995 856

 

Postadresse:

Postboks 159
6991 HØYANGER

E-post: post.hoyanger@kyrkja.no

Tlf: 57 71 41 00

Telefontider:
Mandag, tysdag, onsdag og fredag:
kl. 09.00-15.00

Merk at vi kan sitje i møte og ikkje alltid kan svare!

Tilsette på kontoret:
Administrasjonssekretær: 
Renate Ørnehaug Dale
Kyrkjeverja: Stig Jonny Fitje
 
Prest: Andreas Ester
Diakon / prest: Inger Cesilie Fitje
 
Redaktør:
Kyrkjeverja

Profilbilder:  © Canthun Photogroup

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"