Vigsel i kyrkja

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades.

Å inngå ekteskap eller vigsel er ei offentleg handling som kan skje borgarleg eller kyrkjeleg. Ein godkjend vigselsperson skal erklære at ekteskapet er gyldig. Eit bryllaup i kyrkja kan vere enkelt eller påkosta. Bryllaupsfolka kan vere unge eller godt vaksne, kvinne og mann, eller to av same kjønn. Den norske kyrkja tilbyr kyrkjeleg vigsel til alle par som ønskjer dette. Kyrkjemøtet vedtok i 2017 ein ny liturgi, som kan nyttast både av likekjønna og ulikekjønna par.

Den norske kyrkja har etter dette to liturgiar for inngåing av ekteskap. Vigsel 2003 gjeld framleis berre for ulikekjønna par. Dei som skal bli vigde kan feire dagen med familie, slekt og venner. Dei kan seia ja til kvarandre med berre prest og forlovarar til stades. Stort eller lite bryllaup – i kyrkja vert livet lagt fram for Gud med bøn om velsigning. Alle par som har gifta seg borgarleg, er velkomne til kyrkja for å be om forbøn for samlivet. For dette har kyrkja ein eigen liturgi.