Gravferd i kyrkja
Det er stille i kyrkjerommet. Alle blikk er retta mot kista som er vakkert pynta, men likevel så naken. Bukettar og kransar ber sterke kjensler frå dei sørgjande: Takk for alt. Umisteleg. På gjensyn.
![](/globalassets/kirken.no/profilbilder/diverse-bilder/krans330x190.jpg?width=323&height=174&quality=80&contId=9445)
![](/globalassets/kirken.no/profilbilder/diverse-bilder/lysbegravelse330x190.jpg?width=323&height=174&quality=80&contId=9446)
![](/globalassets/kirken.no/gravferd/2014/bilder/nygravferd660.jpg?width=667&height=396&quality=80&contId=361004)
Alt har si tid – også døden. Dei fleste knyter sterke, men ofte ulike kjensler til møtet med døden. Likevel vil mange ha ønske om å ta avskjed og til å ta fram minne enten for å gjere eige liv rikare – eller å avslutte ei historie. Gravferd betyr mykje for eit reelt kjenslemessig avskil med den døde.
Saman med båreandakta og eventuelt det å stelle den døde, kan gravferda gi sørgjetida ein god start. Gravferda kan gi sorga ei retning som i si tid og på ein individuell måte omdannar sorga til ein ressurs i livet til den enkelte. Minneord, kransepålegging, lystenning, skriftlesing og bøner gir dei som er med, høve til å markere gravferda som ei viktig hending i familien og venekrinsen. Se lenkje nedom til meir praktisk informasjon om gravferd i kyrkja.