Fellesskap i bøn, lystenning og samtale

Bli med å tenne lys og be bøner digitalt, og snakk med nettprestar gjennom chat.

Foto: Kirkerådet

Kyrkja sin digitale bønevegg på kyrkja.no/be: På bøneveggen kan du tenne lys og be bøner, synlege for oss sjølv og for andre. Vi kan dele gleder og sorger med kvarandre. Bøneveggen viser kyrkja sin fellesskap gjennom bøn. Skriv ei bøn eller tenn eit lys, eller gjer begge deler, med mobil, nettbrett eller pc. Bøneveggen er alltid open, men alle bøner blir lest gjennom før publisering. 

Les tekstar, be og chat på nettkyrkja.no: Hjå nettkyrkja kan du chatte med prestar om det du har på hjartet. Prestane er gode samtalepartnarar og er pålagt teieplikt. I tillegg kan du be bøner og tenne lys. Du finn også andakter, Søndagstankar, som er fine å lese. 

Utvida opningstid:

  • Onsdag 18. mars 09.00-01.00
  • Torsdag 19. mars 11.00-23.00
  • Fredag 20. mars 11.00-01.00
  • Laurdag 21. mars 10.00-02.00
  • Sundag 22. mars 12.00-22.00
  • Oppdatert oversikt ligger her

Samtale, melding eller chat hos Kirkens SOS: Kirkens SOS har dyktige frivillige for samtale, om alt som skjer i livet. På grunn av smittesituasjonen har dei noko redusert kapasitet, og det kan vere lenger kø. SOS Telefon er ope frå 07.00 til 03.00, SOS Chat er ope frå 18.30-22.30 og SOS Melding garanter svar innan 48 timer. 

Samtale med nokon nær deg: Sjølv om kyrkja sine aktivitetar er avlyst, er dei kyrkjeleg tilsette på jobb. Kyrkja sine tilsette har lang erfaring med å snakke med menneske i glede og sorg. Ta kontakt med din lokale kyrkjelyd om du ynskjer samtale! Nokre tilbyr å kome på besøk, medan andre tilbyd telefonsamtalar, videosamtalar eller chatting. 

Skriv inn di adresse i søket under for å finne kontaktinfo til ei kyrkje nær deg!

 

Lista blir oppdatert fortløpande - ta kontakt om du kjenner til ressursar som burde stå i denne oversikta. Vi får ikkje med oss alle tilbud som finst i lokale kyrkjer. Sjå difor kva som skjer i di lokalkyrkje av digitalt tilbud, ved å søke i feltet under. 

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Skøyen menighet

Skøyen kirke ligger i Skøyenveien 43.
Inngang til kontorene og parkeringsplassen er på nedsiden av kirken, nederst i Guldbergsvei.

Kontoradresse:
Skøyenveien 43, 0375 Oslo

E-post: post.skoyen.oslo@kirken.no
Telefon: 23 62 94 10 
Telefon- og besøkstid:
Tirsdag til fredag kl. 10-14

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"