«Da gikk de ut og flyktet bort fra graven,
skjelvende og ute av seg. De sa ikke et ord til noen, for de var redde.»
Sånn sluttar opphavleg - faktisk - det eldste evangeliet. Markus. Evangelium som betyr den gode, glade bodskapen, endar opp tre redde kvinner, skjelvande og ute av seg.
...
Dette er kanskje følelsar nokon kjenner seg igjen i?
Til vanleg,
men kanskje særleg denne merkelege påska kor vi ennå lever med pandemiens restriksjonar.
Mange av oss kjenner på vedvarande bekymring og uro.
Vi er redde for korleis det skal gå med oss og dei vi er glade i,
og vi redde for alle i heile verda.
Eg er urolig for korleis det vil bli framover. Eg er djupt bekymra for den mentale helsa vår, for borna og ungdomen og mange vaksne som av ulike grunnar slit.
Redde er vi, mange av oss over heile jorda.
...
Det heile står og vippar, mørkret kjempar med lyset, rundt oss og i oss.
...
Det skjer noko ved ei grav første påskedagsmorgonen.
Kvinnene kom til grava med olje til å salve ein død kropp.
I staden finn dei ein stein rulla til sides:
«Han er stått opp, han er ikke her. Se, der er stedet hvor de la ham!»
Dei kom for å pleie og nett dei, dei omsorgsarbeidarane som vanlegvis har blitt tatt for gitt, for mange av oss har valt andre, meir spennande og pengeinnbringande yrker,
dei går frå dødens rom og blir oppstandelses-vitner, håpsbærarar.
...
For dei må ha fortalt det vidare. Sjølv om dei skalv og var reint frå seg.
...
Ryktet har i alle fall nådd hit.
Jesus er ikkje blant dei døde. Jesus høyrer ikkje til i fortida.
Påskeengelen ber kvinnene om å ikkje gråte ved grava, for Jesus er ikkje der! Han eg gått føre dei.
No kjem han i mot oss frå framtida. For HÅP,
håp, det er eit ord som dirrar av framtid!
Det evangeliet denne påska fortel, er at det ut frå det djupaste mørkret, - ut av sårbarheita - kan vekse noko nytt og annleis,
noko som gir håp og livsmot
og er eit teikn på at det skal gå bra, med oss og med verda.
...
La oss gå Jesus til møtes, ta opp kampen, mot vår eigen og andres motlausheit, og mot alt det som trugar livet.
Deg være ære, Herre over dødens makt! Evig skal døden være Kristus underlagt.