Julekonsert med Oslo kammerkor

Praktisk informasjon

Dato:15.12.2019

Tid:19.00

Sted:Uranienborg kirke

Arrangør:

Den 15. Desember er det tid for årets julekonsert med Oslo Kammerkor. I Uranienborg Kirke byr me inn til ei musikalsk stund med kjende og meir ukjende julesongar, saman med vår dirigent Håkon Daniel Nystedt.

Oslo Kammerkor blei stifta av Grete Pedersen i 1984. Frå 2005 er dirigent og kunstnarisk leiar Håkon Daniel Nystedt. Ved sia av klassisk repertoar og ny musikk byrja koret tidleg å utforske norsk folkemusikk. Koret har opparbeida seg eit unikt uttrykk ved å vere det einaste koret der alle songarane får opplæring i norsk folkesong.

Oslo Kammerkor opplev internasjonal merksemd for sitt arbeid med norsk folkemusikk, og framfører musikken sin jamleg på festivalar og konsertar over heile verda. I 2015 og 2017 opptredde koret i Carniege Hall, New York, og hadde turnear til mellom anna Sør-Korea i 2014 og 2016.

I tillegg til folkemusikk syng koret klassisk repertoar og nyare musikk, samt framsyningar og innspelingar innanfor Noregs fremste artistar innan jazz og pop – som Tord Gustavsen, Trygve Seim, Sissel Kyrkjebø, Ole Paus og Odd Nordstoga. I vår slapp Oslo Kammerkor «Veneliti» i samarbeid med Ørjan Matre.

Billetter:
Voksen: 200kr
Student: 150kr

Oslo Kammerkor (Foto: Kristianne Marøy)