Babysong 5 måndagar i vinter/vår 2025 i Norheimsund kyrkje!
Oppsart: måndag 20. januar kl.11!
Babysong er eit tilbod til dei minste borna, saman med ein av foreldra. Gjennom song blir det knytta kontakt mellom foreldre og barn. Ein lærer enkle regler og songar, som ein òg kan nytte heime. Fokuset ligg på samværet mellom barnet ditt og deg. For barnet er di stemme den finaste i verda! Konseptet er tilrettelagt for dei små som deltek, men det er også et sosialt fellesskap for dei vaksne. Difor blir alle samlingar avslutta med felles lunsj (ta med niste!).
Datoar vinter/vår 2025: måndager 20. jan, 3. feb, 17. feb, 3. mars, og 17. mars (festsamling)
Pris: Gratis! Me i kyrkja lagar kaffe, te og noko søtt! Husk å ta med niste.
Ta med eit teppe som babyen kan liggja på i samlinga og eit sjal/tøystykke.
Sangstund kl. 11:00 - 11:30, kaffe og niste etterpå
P.g.a. nye reglar for personvern får ikkje kyrkja tilgong til namn og adresser til alle fødte born i Kvam, berre til dei som er døypte. Derfor er det svært kjekt om de spreier dette til aktuelle deltakarar.
Inviter gjerne barselgruppen din med!
PÅMELDING HER
Dersom de lurer på noe, ta kontakt med trusopplærar:
Bryna Opdal (bryna.opdal@gmail.com)