Dagens bibelord

Galatarane 1,10–16

Dagens bibelord 01.07.2024

Galatarane 1,10–16

10  Prøver eg no å vinna velvilje frå menneske – eller frå Gud? Vil eg kanskje gjera menneske til lags? Var det framleis menneske eg ville vera til lags, då var eg ikkje Kristi slave. 11  For eg kunngjer dykk, sysken: Det evangeliet eg har forkynt, er ikkje menneskeverk. 12  Heller ikkje har eg fått det eller lært det av noko menneske; nei, det var Jesus Kristus som openberra seg for meg. 13  De har høyrt korleis eg fór fram medan eg levde som jøde, kor hardt eg forfølgde Guds kyrkje og ville utrydda henne. 14  Eg gjekk lenger i jødedomen enn mange av jamaldringane i folket mitt og brann endå sterkare av iver for overleveringane frå fedrane. 15  Men ⸢Gud⸣, som valde meg ut allereie i mors liv og kalla meg ved sin nåde, ville i sin godleik 16  openberra sin Son for meg, så eg skulle forkynna evangeliet om han for folkeslaga. Då spurde eg ikkje nokon av kjøt og blod til råds.

Kilde: www.bibel.no