Feste av grav

Fri grav  og feste av grav (gravleige)

Feste av grav

Alle som vert gravlagt i sin heimkommune, har rett til å få ei såkalla fri (gratis) grav. I Kvam gjeld denne retten i 25 år ved kistegrav og 20 år ved kremasjon.

Etter 25 år tek det lokale gravplasstyre, (her Kvam kyrkjelege fellesråd v/kyrkjeverja), leige for gravstad dersom den ansvarlege for grava (kalla festar av grava) ynskjer å behalda den. Denne leiga vert kalla festeavgift. Det vert inngått festeavtale for 10 år om gongen.

Kvam herad tillet gravlegging av personer som ikkje er busatt i heradet. Det vert då krevd dekning for kostnadane ved gravferda.

Overføring av festeavtale frå ein person til ein annan kan kun foregå etter samtykke frå kyrkjeverje. Viss festar døyr, skal dødsbuet gje skriftleg melding om kven festet er ynskt overført til. Ved usemje treff kyrkjeverja avgjersla. Festaren har rett til å bestemma kven som skal gravleggast i grava.

Det er ofte mogeleg å feste ei grav ved sida av ei grav som skal takast i bruk for gravlegging. På denne måten kan ein setja av ei grav som seinere kan takast i bruk av ektefelle eller andre med tilknytning til den gravlagde.

Festeavgifter:

Festeavgift må betalast i fylgjande tilfelle:

·         Når ein festar ei grav ved sida av kistegrav

·         Når ein festar ei grav ved sida av urnegrav i namna minnelund.

·         Når frigrav-perioden har gått ut etter 25/20 år.

Satsen er fastsett i heradsstyret i Kvam. Festeavgiftene vert vanlegvis fakturert i bolkar kvart 10. år, men ein kan også velja å betala for 5 år, etter avtale med kyrkjeverja.

Priser pr. 01.01.2025

Festeavgift pr. år                                               kr. 440,-

Festeavgift pr. år for over 60 år gml. grav        kr. 880,-

 

Sletting av grav

Dersom det ikkje vert inngått festeavtale eller festeavtalen ikkje vert fornya, vert grava sletta etter utløpet av fredningstida/festetida.

Kyrkjeverje kan då gjenbruka grava for gravlegging av andre. Den som er ansvarleg for grava, eig sjølv gravminnet, og skal sjølv fjerna gravminnet dersom dei ikkje lenger ynskjer å feste grava. Dersom den ansvarlege for grava ikkje fjerner gravminnet, gjer gravplasstyret det.

Kyrkjeverja skal sørge for at den som er ansvarleg for grava (festar) vert gjeve skriftleg melding i god tid før frednings-/festetid er utløpt.

Dersom det ikkje lukkast å få tak i rette vedkomande, vil det bli plassert ein varselpinne eller varselskort på grava.

For å unngå feilsending av informasjon når det gjeld festeavtalar for ei grav, er det viktig at kyrkjeverje i kommunen får melding om adresse- og navnendringar for den som er ansvarleg for grava (festar).

Festar er ansvarleg for at gravsteinen er trygg og sikra. Gravferdsforvaltninga kan ta på seg oppretting/sikring av gravsteinen mot betaling.

Nedanfor finn du link til føresegnene for kyrkjegardane i Kvam.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"