Babysong

Har du lyst å vere med på baysong? Babysong er for alle babyar og foresatte i Lærdal. Sjå Facebookgruppa "Babysong Lærdal 2024" for påmelding eller kontakt Karoline (97790771). Det har vore babysong 7. og 21. mars. Det vert samling 4. april og 18. april. Vi vil òg prøve å få til ei samling på aktivitetsstova på LBO i mai. Babysong startar med ein halvtime samling (song, reglar og leik). Etter samlinga vert det lunsj som kyrkja spanderer :-)

Bilde frå babysong samling, babyar ligg under blått teppe. Foto Karoline Thyri.

Frå babyen er i magen til mamma er den med i rytmar og lydar gjennom dagen. Ute i verda blir lydane og rytmane litt annleis. Likevel kan babyen kjenne att mamma og pappa si stemme. Det er det som er trygt og sikkert. Musikk er såleis den fyrste kommunikasjonsmåten me kjenner til. På babysong skal me synge songar, bruke sansane, leike med reglar og høyre nye lydar og instrument. Me syng med dei stemmane me er utrusta med. For ditt barn er det nemleg berre den stemma som gjeld.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"