Lærdal sokneråd er blitt grøn kyrkjelyd

Klimaendringane er over oss. Som så ofte elles, er det dei fattigaste og mest sårbare som vert hardast råka. På våre kantar handlar det om at det vert var-mare, våtare og villare. På andre kantar handlar om tørke, svolt og naud.

Lærdal sokneråd er blitt grøn kyrkjelyd

Hjå oss er Lærdal sokneråd blitt «Grøn kyrkjelyd», dette har soknerådet vedteke på møte 8. juni i år.

Som kyrkje ønskjer me å vere god forvaltar av skaparverket. Ved å bli Grøn kyrkjelyd forpliktar vi oss til å ta vare på skaparverket på ein betre måte. Vi har valt ut 25 punkt som vi kan bli betre på og har laga ein handlingsplan for å nå måla. Desse punkta omhandlar alt frå betre sortering av avfall, konfirmantar deltek i fasteaksjon, offer til grøne prosjekt og rettferd, ha fokus på temaet i trusopplæringsarbeidet vårt, miljøvenlege innkjøp, kaste mindre avfall osv.

Alle kan ikkje gjera alt, men me kan alle gjere noko for å betre miljøet.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"