Tårnagensamling og gudsteneste i Borgund kyrkje 29. september

Kyrkja i Lærdal inviterer denne søndagen 7- og 8-åringar til å vere med på tårnagentsamling i Borgund kyrkje.

Tårnagentar i støpulen ved Borgund kyrkje.

Tårnagentar finst over heile landet og er nokon som utforskar kyrkja frå alle kantar. .Vil du vere med å løyse oppdrag og mysteriar i kyrkjerommet og klatre opp i støpulen på Borgund? Ein støpul er eit tårn attmed kyrkja, der kyrkjeklokkane heng. Me skal leite etter symbol og kyrkjeskattar. Alle tårnagentane får med seg eit agentbevis. Agentmøtet startar kl. 13.00 i Borgund kyrkje og held fram til tårnagentgudstenesta, som byrjar klokka 16.00. Mellom samlingane vert det servert agentlunsj. Me håpar du har lyst til å vere ein slik agent! Føresette, sysken, faddrar og vener er òg hjarteleg velkomne til gudstenesta klokka 16.00.

Har du lyst å vere med kan du sende påmelding til Karoline Thyri på sms 97 79 07 71.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"