Duene klare for å bli med borna heim, som eit fint minne om dåpen. Vi vil difor invitere alle born som blei døypte i Lærdal Sokn i løpet av 2024 til duesleppgudsteneste. Det vert også dåp under gudstenesta og kyrkjekaffi etterpå
Velkomen til dueslepp gudsteneste i Hauge kyrkje
Då barnet dykkar blei døypt, fekk det ei dåpsdue i gåve frå kyrkjelyden. Denne dua, med barnet sitt namn og dåpsdato, har no hengt på dåpstreet i Hauge kyrkje sidan. Søndag 5. januar kl. 11.00 vert de invitert til å ta med duene heim.
