Kandidatliste - Lesja og Lesjaskog sokn:
- Jorunn Einbu Teigen, Lesjaskog (f. 1965)
- Pål Rindal, Lesja (f. 1985)
- Aadel Skotte, Lesjaskog (f. 1957)
- Aasmund Kolstad, Lesja (f. 1972)
- Anne-Grete Dalum Tordhol, Lesja (f. 1972)
- Hilde Lislien, Bjorli (f. 1963)
- Sølvi Marie Johansen, Lesja (f. 1954)
- Eldrid Botheim Mittigård, Lesja (f. 1980)
- Ann Karin Thøring, Lesjaverk (f. 1963)
- Stein Inge Bjorli, Bjorli (f. 1971)
Kyrkjemøtet i 2022 vedtok at det skal opnast for supplerande nominasjon dersom det berre er godkjent listeforslag frå nominasjonskomiteen.
Frist for supplerande nominasjon er sett til kl. 12 den 15. mai 2023
Forslag til kandidat, fremja ved supplerande nominasjon, skal vera underskrivi av fem stemmeberettiga forslagsstillare. Underskriftene skal vera skrift på papir eller eit skanna dokument.
Forslag til supplerande nominasjon skal ha følgjande vedlegg:
- Oversikt over kandidaten/kandidatane sin(e) fødselsdato.
- Oversikt over fødselsdato og bustadadresse til dei som har underskrivi på forslaget.
Visst kandidaten ikkje er innført i folkeregisteret, som busett i soknet, når forsalget blir innlevert, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at vedkommande vil vera valbar på valdagen.
Valstyret skal innan 20. mai 2023 avgjera om forslag om supplerande nominasjon skal godkjennast.
Evt. godkjent forslag blir sett nedst på den endelege vallista. Er det fleire kandidatar ved supplerande nominasjon, blir det loddtrekning om rekkefølga.
Det må framgå av lista at dei supplerte kandidatane ikkje er nominasjonskomiteens nedst prioriterte kandidatar.