"Av jord er du kome"

Tysdag 27. august inviterer vi til ei vandring på Lesja kyrkjegard, der du er velkome med alle dine spørsmål og tankar.

"Av jord er du kome" - gravminne på Lesja kyrkjegard (foto: Jogrim Nordsletten)

Tysdag 27. august, kl. 17.30, inviterer vi til ei vandring og spørjetime på Lesja kyrkjegard. Møtet med ein kyrkjegard vekkjer mange tankar og spørsmål - frå dei mest eksistensielle til dei ytterst praktiske. I moderne tid er skikkane knytt til dødsfall, ritual, gravferd og gravstell i endring. Slik har det for øvrig alltid vore. Vårt syn på døden og skikkane knytt til det å ta avskjed med nokon og bevare deira minne, heng nøye saman. Det er nok riktig å seie at døden har vorte meir framand for mange i vår tid, men i ei bygd som Lesja har mange framleis eit personleg forhold til kyrkjegardane, til gravminna og gravstell.

Vi inviterer til ei rundvandring, der du er velkome som medvandrar med alle dine spørsmål og tankar.

Ideén til ei slik vandring oppstod under ein lunsj på kommunehuset i vinter. Vi erfarer at mange sit med praktiske spørsmål og funderingar. Kva er lov? Kvifor er det slik? Er det fleire måtar å gjera det på? Vi kan ikkje lova at vi har alle svara, men vi vil gjera vårt beste.

Vi kjem og til å orientere om etablering av namna minnelundar på kyrkjegardane i Lesja. Minnelund er ei ny form for gravlegging, med felles gravminne , som er på fremmarsj i heile landet.

Vi startar inne i kyrkja med ein kaffekopp og litt info.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"