Regler og retningsliner for gravferder i Lesja

Når nokon av våre næraste dør, føler vi sakn, smerte og tomheit. Samstundes er det ofte litt kaotisk i og ikring oss. Korleis skal vi få ordna opp i alt? Kva må vi passe på, og kven kan hjelpe? Lesja kyrkjelege råd har utarbeidd reglar og retningsliner for korleis ei kyrkjeleg gravferd skal administrerast her i Lesja. Desse er heilt i tråd med tidlegare tradisjonar her.

Reglar og retningsliner for gravferder i Lesja. Foto: Jogrim Nordsletten

Kyrkja har eit spesielt ansvar i ein slik situasjon, da dei aller fleste ynskjer kyrkjeleg seremoni, og gravlegging oftast skjer på ein gravplass.

Kyrkja i Lesja ynskjer å møte dei pårørande med forståing og omsorg, gjeva god rettleiing om gravferda generelt, og ei verdig gravferd for alle.

I "Alminnelige bestemmelser for gravferd", vedteke av Kyrkjemøtet i 2002, heiter det at handlinga gravferd er fellesskapet si siste teneste overfor sine medlemmar. Når ein person er død, sørger dei som stod den avdøde nær, vanlegvis familie, for at han/ho får ei verdig gravferd. Det grunnleggjande kring ei gravferd er gjeve i gravferdslova.

Gravferd, etter Den norske kyrkja si ordning, skal vera ei kyrkjeleg handling av gudstenestleg karakter, og det er reglar for kva ein gravferdsseremoni skal innehalde.

Lesja kyrkjelege råd har utarbeidd reglar og retningsliner for korleis ei gravferd skal administrerast og gjennomførast i Lesja. Desse er heilt i tråd med tidlegare tradisjonar her.

Vi meiner at desse reglar og retningsliner vil vera greie å ha for dei pårørande, for gravferdsbyråa, og ikkje minst for dei kyrkjeleg tilsette.

Reglar og retningsliner er vedteke av Lesja kyrkjelege råd i møte 19.02.2025 og gjeld frå same dag.

Dei er sendt ut til gravferdsbyrå i Lesja, Dovre og Rauma til orientering.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"