Vigsel i kyrkja

Bryllaup er ein fest for kjærleiken. To menneske lovar å elske og ære kvarandre, og å halde saman i gode og vonde dagar resten av livet. Det handlar om dei to, men dei to står ikkje åleine. Løftene vert gjeven med vitne til stades.

Dersom de ynskjer kyrkjeleg vigsel, tek de kontakt med kyrkjekontoret for å gjere å avtale dato og tidspunkt for seremonien. Kyrkjeleg vigsel er ei handling av gudstenesteleg karakter. Sjølv om handlinga er fastlagd, er det likevel mogleg å setja eit personleg preg på det som skjer i kyrkja.

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. De må sjølve skaffe Prøvingsattest/Melding om vigsel frå Folkeregisteret, og ta dei med til personen som skal stå for sjølve vigsla. Dette bør gjerast i god tid, men hugs at prøvingsattesten de får attende frå Folkeregisteret, berre er gyldig i 4 månadar.