Gravferd – når livet tek slutt

Gravferda betyr mykje når vi skal ta avskil med den som er død. Den kan vera med på å gje sorga ei retning dei pårørande, og ei handling som i si tid kan verta ein ressurs for familie og vener.

Kyrkja i Modalen ynskjer å leggja til rette for at det siste farvel kan verta ei god og verdig stund. Eit gravferdsbyrå kan ordna mykje av det praktiske rundt ei gravferd.

Det kan likevel vera bra å tenkja gjennom kor mykje av førebuingane ein ynskjer å gjera sjølv. Avtale om gravferd bør gjerast så snart som råd. Kontakt kyrkjekontoret for å avtala tidspunkt, særlege ynskje m.m. Kyrkjekontoret gjer deretter avtale med prest, organist, gravar og kyrkjetenar. Også gravferd utan kyrkjeleg seremoni skal avtalast med kyrkjeverga.