Konfirmasjon i Mo sokn
Ordet konfirmasjon kjem frå det latinske verbet "confirmare", som tyder å styrke, stadfeste eller "å gjere sterk".


Konfirmasjonstida handlar om mange ting – både om å få meir kunnskap og kjennskap til kristen tru og praksis, og om ungdomstid, fellesskap og om å la familie og vener feira handlinga som tradisjonelt vert kalla "overgangen frå barn til vaksen".
Du er velkomen til konfirmasjon i kyrkja uansett om du trur eller tviler. I konfirmasjonstida får du høve til å utforska nokre av dei mange spørsmåla i livet saman med andre. Kyrkja i Modalen har eit godt og aktivt program for konfirmantane i soknet.