Velkomen til konsert og plateslepp med Ragnhild Hemsing og hennar nye plateprosjekt VETRA

Aurdal kyrkje 29. oktober kl.18

Ragnhil Hemsing: Vetra

På programmet står nye tolkingar av Lindeman sine folketonenedteikningar frå Valdres frå 1800-talet i tillegg til eigenkomponerte låtar. Vi har ein rik og levande folkemusikktradisjon i Valdres, men denne kulturarven kunne lett vorte borte for oss om ikkje innsamlarar som Ludvig Mathias Lindeman hadde tatt turen til dalføret vårt. Han var nøye med å skrive ned tittel og namn på variantane han fann. Dermed har Ragnhild Hemsing også kunne velje melodiar der ho kan vise dei lokale variantane av same melodi i Valdres. Dette er svært interessant og seier noko om rikdomen i kulturarven, og korleis folkemusikken og folketonane har utvikla seg innanfor eit avgrensa område i løpet av 100 år. 

Ragnhild har tatt steget vidare i eit kunstnerisk prosjekt der ho presenterer smakebitar frå den rike kulturarven i ein spanande og moderne setting, dette i lag med erfarne og dyktige musikarar innan folkemusikk, jazz og klassisk musikk. 

Medmusikantar: Mathias Eick (trompet), Steinar Raknes (kontrabass), Terje Isungset (perkusjon), Ole Aastad Bråten (langeleik), Knut Aastad Bråten (langeleik), Marthe Husum (bratsj), Frida Fredrikke Waaler Wærvågen (cello).

Fleire av melodiane på VETRA er arrangert av Tormod Tvete Vik, som Ragnhild tidlegare har samarbeida med på hennar kritikarroste album, «Røta» og «Peer Gynt».

VETRA blir lansert internasjonalt fredag 3. november på plateselskapet Berlin Classics. 

Link til singlar frå plata: 

https://spotify.link/xpZy6dVK3Cb

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"