Gode søkarar til stillinga som diakon i Nord-Aurdal

Seks søkarar til heiltidsstilling som diakon i kyrkja i Nord-Aurdal.

Behov for diakon

Valdres har vore utan fast diakon i svært mange år. Våren 2021 lyste Hamar bispedømeråd ut midlar til for å tilsette diakon. Dei kan dekke inntil 50 % av ei diakon-stilling mot at vi finn annan finansiering sjølve. God dialog med kommuneadministrasjonen og den kommunale representanten i kyrkjeleg fellesråd i Nord-Aurdal, gjorde at vi raskt såg at ein barne- og ungdomsdiakon ville bidra til satsing på barn og unge i kommuneplanen.  - Det er mykje som skal legge seg til rette på vegen mot å bli vaksen. Mange stader i landet har nettopp ein diakon som barn og unge har tillit til, vore til god hjelp. Her treng ein ikkje henvisning om ein treng nokon å snakke med, seier sokneprest Kristine Inderhaug.

Hamar bispedømeråd innstilte Nord-Aurdal på førsteplass for diakon-midlar. Marta Bjørnøy Lalim frå Vang er medlem av bispedømerådet, og hennar drahjelp var avgjerande.

Seks søkarar

Fire kvinner og to menn har søkt stillinga, og det er brei og relevant bakgrunn blant søkarane. Diakoni-rådgjevar April Holten ved bispedømekontoret bistår oss i tilsettingsprosessen, då den som blir tilsett må fylle enkelte krav for å kunne vigslast som diakon.

Desse har søkt: Gonzalo Exequiel Vernetti (33), Therese Meyer Baines (56), Bjørg Fredheim (58), Martha Fodnes (38), Elisabeth Bakke Meisdalshagen (53), Bjørn Ladstein (48).

Tilsetting i løpet av september

Vi har starta søknadshandsaming. Vi vonar vi har ein signert arbeidsavtale med vår nye diakon før haustferien, seier kyrkjeverge Aud-Karin Hovi.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Kontaktinformasjon for Nord-Aurdal kirkelige fellesråd

Nord-Aurdal kirkelige fellesråd holder til i 2.etasje i DNB-bygget. Adgang fra bakgården.

Kontoradresse:  Jernbanevegen 5,  2900 Fagernes

Postadresse: Jernbanevegen 5, 2900 Fagernes

E-post: post.nord-aurdal@kirken.no 

Telefon: 61 36 00 60 

Telefon- og besøkstid:

Man-Fre kl. 9-12

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"