Om Orkdal kirke

Ferdig 1893

Kart over gravplassen

 

I Orkdal kirke er det tillatt å slippe inn 410 personer. På gulvnivå er det 350 sitteplasser. Ved arrangement med høyere antall enn 350 må sidegalleriene tas i bruk. Der er det egne rømningsveier som krever dokumentert opplæring. For spørsmål rundt dette, ta kontakt med Orkland kirkekontor.

 

Trekyrkja

Både Håkon den godeOlav Trygvason og Olav den heilage møtte motstand da dei ville innføre kristentrua i Trøndelag for 1000 år sia. Slik var det også i Orkdal. Men da bondehæren fylka seg mot kongshæren på garden Grøtte i år 1016 kom det til forhandlingar som enda med at orkdalingane gav seg inn under rikskongen og godtok Kvitekrist som sin åndelege leiar - iallfall i det ytre.

Ein reknar med at det vart reist ei trekyrkje på Grøtte etter dette. Dette var einaste kyrkja mellom Oppdal i sør og Trondheim i nord. Ei av kyrkjeklokkene som framleis er i bruk er frå 1100-talet.

Gammelkirka

På midten av 1100-talet vart det bygd ei kyrkje i kleberstein istadenfor trekyrkja. Kyrkja var solid bygd. Veggane hadde dobbel mur. Mellomrommet var fylt av stein lagt i kalk og mørtel. 

Koret låg eit par steg høgre enn skipet og var skilt frå skipet med ein korvegg med ein smal korboge ut mot skipet. På kvar side av koropningen var det to alter til i kjerka - plasserte i spissboga alternisjar vende mot skipet.

Ca. 1650 vart denne påbygd på nordsida for å gje plass til folk frå Orkanger. ”Ørkjerka” vart påbygget kalla. Der var det frie plassar i motsetning til dei faste gardsplassane i hovudskipet.

Mellomalderkyrkja hadde mykje fint inventar. Altertavla og preikestolen er oppbevarte ved Vitenskapsmuseet i Trondheim. Nattverdkalken og disken frå 1614, oblateska frå 1761 og to lysestakar er framleis i bruk. Den gamle kyrkjeklokka og døypefatet gjer også teneste framleis.

Kronologi:

Ca 1160 Steinkjerka reises

1625 Koropningen vart utvida

1635/40 Kjerka får altertavle

1649 Preiekestol

1650 Eit sideskip reises på nordveggen
       Det fekk namnet Ørkjerka

1657 Kjerka vart "kalkslått"
       Benker blir laga

       Vindauge vert gjort større.

1725 Kongen sel kjerka

1790 Bøndene kjøper kjerka attende

1837 Heradstyret fekk ansvaret 
       for kjerka

Nykyrkja

Etter at mellomalder-kyrkja var riven, bygde ein ei ny og større kyrkje av kleberstein som stod ferdig i 1893. Mesteparten av steinen kom frå Munklia i Orkdal. Arkitekt var Bergstrøm. Han heldt seg strengt til den nygotiske stilen.

Den nye kyrkja fekk eit breitt langskip med to korte tverrarmar noko smalare enn skipet.

I Orkdalskyrkja finn ein spissbogen mange stader i varierande storleik: i døropningar og vindu, i den dominerande korbogen, småbogane i alterringen, ramma kring alterbiletet og i orgelprospektet. Innvendes verkar mange trekk ved den nygotiske arkitekturen til a skape ei kjensle av at kyrkjerommet løfter og tøyer seg opp mot det høge.

Utvendig lengde er 41 meter. Med sideskip og galleri er det ca. 500 sitteplassar.

Mange fagfolk reknar Orkdalskjerka for den fremste mellom dei nygotiske kyrkjene i Trøndelag.

 

Klokkene

I tårnet henger det to klokker. Den eldste er fra ca år 1100. Denne har påstøpt symboler, noe som er sjeldent for så gamle klokker. Firmaet "O. Olsen & søns klokkestøperi - Nauen" skriver: "En klokkes alder bestemmes i store trekk ut fra rippen =klokkens fasong, kronefasong m.m. Se vedlagte fotokopier m.m. For en som har klokkestøping som yrke og lange tradisjoner i faget er det ganske enkelt å bestemme fra hvilken tid de forskjellige klokker er. Med venlig hilsen Ole Chr. Olsen Nauen". Klokka har flere små kors, et solkors og to dobbeltkors. Ho har også en omvendt B.

Den andre (største) klokka er fra 1558. Denne klokka har innskrifta "Querite Dominum duum invenire potest Esa 55 (Søk Herren mens han fins) Ano 1558. Erlig oc velbørdig Man Christen Friis oc Frou Mette Hardenburg. Hans Laure son F" (F=fecit=laget). Klokka er med andre ord en gave til Orkdal kirke fra lensherre Christian Friis og hustru. Friis var primus motor i strevet for å få Reformatsen av 1589 (reformasjonen) endelig gjennomført i vårt bispedømme. Kilde: "Orkdalskyrkja på Grøtte i 900 år".

Kontaktinformasjon for Orkland kirkelige fellesråd

Avd. Fannrem

Adresse
Blomstervegen 12
7320 Fannrem

Åpningstider
Mandag: Stengt
Tirsdag: 10-14
Onsdag, torsdag, fredag 09 - 14

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

 

Org. nr 923 115 552

 

Avd. Agdenes / Snillfjord

Adresse
Snillfjord kirkekontor: Ågjerdet 8, 7257 Snillfjord 

Agdenes kirkekontor: Harald Grønningens vei 10, 7316 Lensvik

Åpningstider
Åpent etter avtale med sokneprest

Telefon
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Avd. Meldal

Adresse
Kvamsveien 621
7336 Meldal

(Kommunehuset 3. etasje)

Åpningstider
Tirsdag 10 - 14
Torsdag 10 - 14

Telefon Meldal
72 47 97 50

E-post
post.orkland@kirken.no

Postadresse
Boks 4
7321 Fannrem

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"