Babysong er eit tilbod der born og foreldre/føresette/besteforeldre kan ha det kjekt i lag gjennom song, musikk, rørsle og leik. For born i alderen om lag 2-15 månader.
Det er felles lunsj undervegs der kvar enkelt tek med mat og drikke sjølv. (I Tunet er det smørelunsj for 50 kr i Eldstova) Vi stiller med kaffe, te og vatn.
- Os, i Kyrkjetunet. Tysdagar kl. 10:00-11:00 med song i ein halvtime og lunsj etterpå.
Oppstart 4. februar. - Nore Neset kyrkje. Torsdagar kl. 10:00- 11:00 med song i ein halvtime og lunsj etterpå.
Oppstart 6. februar.