Søndagssamling er eit tilbod frå Os kyrkjelyd til menneske med psykisk utviklingshemming og andre. Anten du bur i bufellesskap eller i eigen bustad er du velkommen til ei ettermiddagsstund med andakt, allsong og musikalske innslag, bevegelse til musikk, mat og prat.
Vi sender informasjon om datoar og samlingar til dei kommunale bufellesskapa.
Dei som ønskjer det kan få tilsendt skriftleg invitasjon til kvar samling. Samlingane blir også kunngjorde etter kvart gjennom kyrkjelyden sine kunngjeringar og på kyrkjelyden sin kalender på nettsida.
Vi samlast i Tunet 3 – 4 gonger i halvåret, søndagar kl 17:00 – 18:30. Der er og tilbod om eiga tilrettelagd gudsteneste på påskedag kvar påskehøgtid.
Spørsmål? Ta kontakt med Svante Havåg. Berre nysgjerrig? Kom ein tur, då vel!
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.