Til deg som har mista ein av dine nære

Når ein av dei næraste fell bort endrar tilværet seg. Sorga over den som har gått bort kan gje ulike reaksjonar, og erfaringane, kjenslene og utfordingane varierer. Kyrkja ønskjer å vere tilgjengelig for den enkelte, på fleire måtar.

Foto: Jarle Hagen

Samtale med ein av prestane eller diakonen. I denne samtalen er det du som kjem som bestemmer kva vi skal snakke om. Samtalen blir avtalt ved at den enkelte sjølv tar kontakt med kyrkjekontoret, eller diakon/prest

Sorggruppe: Samtalegruppe for dei som ynskjer å møte andre som også er i sorg. Fredager 12.15-14:00.

Sorgsamling: I løpet av februar/mars inviterer kyrkjelyden til sorgsamling. På samlinga får vi ei innleiing om ulike sorgreaksjonar, samt møte andre som har opplevd å miste nokon av sine nære.

Minnegudsteneste: På Helgemessesøndag, første søndag i november, inviterer kyrkjelyden til minnegudsteneste i både Os kyrkja og i Nore Neset kyrkje. I denne gudstenesta vert namna på dei avlidne siste året lesne og det vert tent eit lys for kvar.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"