Torsdag i Tunet: Vil du vera med å tenke høgt om TiTT?

Tysdag 28. januar inviterer Torsdag i Tunet-komiteen til eit opent møte for å finne fleire engasjerte frivillige og stake ut kursen for TiTT - ein lærerik og open møteplass - i 2025.

Torsdag i Tunet: Vil du vera med å tenke høgt om TiTT?

Er du nysgjerrig på ny kunnskap, liker å lyfte blikket og delta i spennande samtaler i lag med andre? Torsdag i Tunet har vore samtale, foredrag, kulturarena og fellesskap i snart 14 år. Komiteen treng fleire nye hovud og hender for å fornye denne flotte møteplassen i Tunet, som dei seinare åra har hatt 2-4 treffpunkt i semesteret.

Om du kjenner at dette kan vere noko for deg, er du hjarteleg velkommen til eit opent planleggingsmøte i Tunet tysdag 28. januar klokka 19!

Her lufter vi ideer, ser konkret på nokre arrangement for våren, og einast om ein veg vidare for komiteen og konseptet. 

TiTT kan du lesa litt meir om på lenka nedanfor.

Håper du tek utfordringa og kjem ein tur - uforpliktande!

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"