Denne fredagen vert novemberkvelden brått lysare når JASS FRÅ OS teller opp klokka 19 i Os kyrkje! Vi møter eit knippe røynde karar med fartstid i musikklivet og tilhøyrigheit til Os. Denne fredagen skal dei gle oss med både standardlåtar og strålande komposisjonar av tangent-traktør Aasmund Brekke. Du vert sjølv òg invitert til å bli med på Aasmund sine spesiallaga arrangement på fleire kjende og kjære salmer. I lag i musikken!
Dei som trakterer instrumenta: Aasmund Brekke (piano), Knut Vidar Garlid (tangentar/orgel), Arne Hernes (bass), Nils Midtseter (trommer), Oddgeir Bjelland (sax), Helge Haukås (trompet og vokal), Karl Ole Midtbø (trompet og flugelhorn).
Etter at det kom på plass att eit musikk-utval i Os kyrkjelyd har konsertane den femtande kvar månad kome på løpande band, med stor sjangerbreidd og høg kvalitet. Her kan ein både oppleve dyktige stemmer frå lokalt musikkliv og profesjonelle gjester i kyrkjerommet eller Tunet kyrkje- og kultursenter. Gode musikkopplevingar bygger fellesskap, og dette arbeidet vil vi halde fram med i 2025.
Os kyrkje, fredag 15. november 2024 kl. 19.00
Billett kjøpes i døra. Betaling via Vipps eller kontant.
Vaksen: 200,- Student/honnør: 100,-
Gratis for barn under 16 år
Vaksen: 200,- Student/honnør: 100,-
Gratis for barn under 16 år
Velkomen til konsert!