Vi har eitt konfirmanttilbod til alle 9.klassingar – uansett om ein går på Os eller Nore Neset ungdomsskule.
Som konfirmant får du lære meir om kva kristendommen er, kva det betyr å tru at alle menneske er skapt av Gud og korleis alle har uendeleg verdi. Du vil bli betre kjend med deg sjølv og andre på ditt kull, og få mange kjekke opplevingar for livet.
Konfirmantarbeidet i Os kyrkjelyd er tett knytta til ungdomsarbeidet vårt, og du vil møte ungdommane våre som leiarar på leir, arrangement eller på aktivitetane.
Vi vil at du som konfirmant skal få utforske kyrkja og trua - gjennom aktiviteter og fellesskap i ungdomsarbeidet vårt.
I ungdomsarbeidet er vi mange ulike mennesker med ulike interesser, og det er du som konfirmant og. Derfor har vi ulike aktivitetsgrupper som du kan velge ut frå di interesse. Her er vi opptekne av å bli godt kjende og skapa trygge relasjonar, gjennom kjekke aktivitetar og opplevingar.
Konfirmantsamling på onsdagar
I år har du samling i Os kyrkje eller Nore Neset kyrkje, ut i frå kva aktivitetsgruppe du vel.
Desse gruppene har konfirmantsamling i Tunet/Os kyrkje:
* Godheit og sånn
* Join Us (bank, kor, dans, hobby og spnn, lyd og lys)
Desse gruppene har konfirmantsamling i Nore Neset kyrkje
* Ut og sånn
* Padel
* KRIK sport
Sjå detaljar om dette under info om aktivitetsgruppene.
Gudstenester
I løpet av året skal konfirmantane gå på 8 gudstenester. Nokre av desse ligg allereie i planane vi har laga, medan 4 gudstenester vel dei sjølve når dei vil gå på gjennom året.
Konfirmasjonsgudstenesta vel du ved påmeldinga. Der kan du velje dag og klokkeslett.
Leir
Alle konfirmantane skal få reise på leir, om dei ønskjer det. Det er utruleg kjekt, og gjev minne for livet. I år reiser konfirmanten på leir med gruppa si, og leiralternativet kan du lese meir om i eigen infobolk.
Konfirmantavgift
Det kostar 1900,- for å vera konfirmant i Os kyrkjelyd i år. Du kan velje å betale heile denne summen ved påmelding. Eller du kan få den delt opp i fleire faktura utover året.
Summen dekkjer inn utgifter til undervisningsmateriell, bibel, konfirmantkappe, leirutgifter, mat og ulike arrangement.
Konfirmanttida er for alle
Økonomi skal ikkje vera eit hinder for å vera konfirmant. Vi vil hjelpe til med å tenke løysingar. Ved behov for ei anna ordning/avtale enn det som er lagt fram her, er de velkomne til å ta kontakt med kyrkjekontoret. Ta kontakt med oss ved behov for tilpassing av konfirmanttida!
Samarbeid med heimen
Vi er avhengige av at de som foreldre stiller opp og bidrar på ulike aktiviteter i konfirmanttida. Ved påmelding melder du deg til ei av desse oppgåvene:
- Vaksenstøtte på onsdagar i Tunet; kl. 18.00.-21.00
- Vaksenstøtte på onsdager i Nore Neset kyrkje; kl. 16.00-19.00
- Foreldre på leir/overnatting.