KRIKsport, Padel og "UT og sånn"

Desse aktivitetgruppene er for deg som likar å være i aktivitet. Du trenger ikkje vera flink i sport eller uteliv, men ha lyst å vera med på dei kjekke og morsomme aktivitetene, anten det er inne eller ute.

Foto: Martin Bakke Slåttsveen

KRIKsport

Denne konfirmantgruppa er for deg som likar å være i aktivitet. Du trenger ikkje vera flink i sport, men ha lyst å vera med på dei kjekke, og morsomme aktivitetene vi driv med i KRIK ungdomsgruppa. Døme på aktivitetar vi gjer er gymsalklassikarar som hjørnefotball, stikkball, tarzantikken, stafettar og meir.

KRIK er ein kristen organisjon for idrett og aktivitet og har ein visjon om idrettsglede, trusglede og livsglede. Ungdomsarbeidet i Os kyrkjelyd har ei KRIK gruppe for ungdom, styrt og drevet av og for ungdom. Dette er trening med lav terskel, med fokus på bredde, glede og fellesskap. Kult hvis du vil bli med!

Stad: Denne gruppa skal ha aktivitet i gymsalen på Nore Neset barneskule, og undervisning i Nore Neset kyrkje ein onsdag i månaden, frå kl 16 – 19. Ein time med aktivitet, og 1,5 time undervisning.

 

Padelkonfirmant

PADEL er ein av de raskast voksande idrettane i verden, og vi har fått eit fint samarbeid med InterPadel Os. Her får de mulighet til å læra litt om idretten og spela padel, med litt opplæring og veiledning frå InterPadel Os. Vi har med vaksne leiarar som følgjer gruppa med konfirmantar.

Stad: Denne gruppa skal ha aktivitet på InterPadel Os/Ulven, og undervisning i Nore Neset kyrkje ein onsdag i månaden, frå kl 16 – 19. Ein time med aktivitet, og 1,5 time undervisning.

 

Ut og sånn

I denne gruppa skal vi bli sikker på turplanlegging og gjennomføring av tur i nærområda våre. Vi er ute kvar gong vi møtast. Du kan få prøve deg på å tenne bål, øve på fyrstehjelp, bli kjent med allemannsretten, planlegge tur, kart og kompass og andre kunnskapar som trengs for å kunne ferdast sikkert i naturen. Du treng ikkje vera supersprek for å vera med, men det er viktig at du er open for å prøva noko nytt. Det blir garantert flotte opplevingar og gode samtalar. 

Stad: Denne gruppa skal ha aktivitet ute på Nore Neset omegn, og undervisning i Nore Neset kyrkje ein onsdag i månaden, frå kl 16 – 19. Ein time med aktivitet, og 1,5 time undervisning.

Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"