Viktige diakonale tiltak

Ellen Ebbesvik, diakonen i Hjelme og Blomvåg sokn, samt i Foldnes sokn, fortel litt om to av dei mange viktige tiltaka diakonane bidreg med. Ein gong i månaden vert det arrangert Treff i kyrkjene, ei samling som skaper fellesskap og nærvær. I tillegg vert det gjennomført heimebesøk fleire gonger i veka, der diakonane møter folk i deira eigne heimar for å tilby støtte, omsorg og samtalar.

Flere eldre sitter ved et dekket bord, rundt står noen og snakker med de som sitter

Treff

Det sit mange menneske i kommunen vår åleine i husa eller leilegheitene sine, utan så mykje tiltak for å gjere noko på eigen hand. Ein formiddag i månaden inviterer vi til Treff i Foldnes kyrkje – ein stad der ein kan koma akkurat som ein er, byggje nye relasjonar og oppdage at ein ikkje er åleine. Treff er ein møteplass med god tid til samtale, der fellesskap og nærvær står i sentrum. Det vert alltid servert god mat, halden ei andakt og sunge mykje saman.

Mange seier ofte: "Her er det godt å vera. Nokon ser oss, snakkar med oss og viser at me er menneske det er verdt å vera saman med."

Tre eldre står og forsyner seg av mat som er lagt ut på et langbord. Flere mennesker sitter ved et lenger bord og spiser mat


Heimebesøk og samtalar

Ein av dei mange oppgåvene våre som diakonar er å gjere heimebesøk, og vitje LMS, bu- og servicesenter og sjukeheimar. Fleire gonger er det helsevesenet i kommunen som tek kontakt og spør om me kan møte enkeltpersonar. Andre gonger tek folk sjølve kontakt for samtalar eller ber oss koma heim til seg. Alt me gjer, er heilt gratis.

Ei kvinne som har fått heimebesøk over lengre tid, svarte slik på spørsmålet: "Kva betyr heimebesøk for deg?"

En eldre dame sitteri en sofa hjemme og ser ned mens hun smiler, bak står en plante i vinduet "Det betyr alt. Eg ser fram til kvar gong du kjem. Eg har ein å snakka med, og eg veit at du har teieplikt. Kva hadde livet mitt vore utan deg? Trist og tomt. Dette må de ikkje slutta med."

 

Kontaktinformasjon for Øygarden kyrkjelege fellesråd

Takknemleg, tenande, frimodig

Opningstider resepsjon:
Måndag, tysdag, onsdag og fredag kl. 09.30-14.30

Telefon: 400 03 316
post.oygarden@kyrkja.no

 

Øygarden kyrkjekontor
Tytebærbrekko 2
5353 Straume

Vi har kontor i andre
etasje på Temahuset. 

 

Bankkonto: 1506.35.46515

Organisasjonsnummer: 976 995 430

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"