Når ein person busett i Øygarden kommune døyr, har han rett til fri grav i 20 år.
Det vil seie at ein ikkje skal betale festeavgift for dei første 20 åra.
Dersom ein tek i bruk ei gammal festegrav til ei ny gravlegging, vert forfallstidspunktet flytta 20 år fram i tid når grava vert teken i bruk.
Når ei kistegrav eller urnegrav i namna minnelund vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av. Denne grava vert ei festegrav som den ansvarlege for grava må betale festeavgift for frå første dagen. Når grava vert teken i bruk, vert forfallstidspunktet flytta 20 år fram i tid. Retten til å feste ei ekstra grav gjeld berre ved gravlegging av person som ved dødsfallet var busett i Øygarden.
Når frigravsperioden/festetida er ute, kan gravstaden festast for 5 nye år. Når det er gått 60 år sidan siste gravlegging, må ein søkje soknerådet om ytterlegare forlenging av festet.
Festeavgift
Festeavgift må betalast i følgjande tilfelle:
- Når ein festar ei grav ved sida av kistegrav
- Når ein festar ei grav ved sida av urnegrav i namna minnelund.
- Når avdøde på dødstidspunktet ikkje var busett i Øygarden.
- Når frigravperioden har gått ut etter 20 år.
Satsen er fastsett av kommunestyret i Øygarden. Festeavgift betalast når frigravsperioden er gått ut for 5 år om gongen. Dei som ikkje har rett til fri grav må betale festeavgift første gong for 20 år, deretter vert festeavgiftene fakturert i bolkar kvart 5. år.
I det året festetida er ute, skal festaren varslast om at grava forfell til betaling. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til gravplassen. Festaren pliktar å melda frå om endring av adresse, og pårørande pliktar å melda frå ved overtaking av feste etter død. Dersom det ikkje er gjeve melding til kyrkjeleg fellesråd (kyrkjekontoret) om endring av eller overføring av feste, vert grava sletta.
Før sletting vil kyrkjeleg fellesråd freiste å varsle festar eller pårørande om at grava vert sletta. Dersom det ikkje er råd å komme i kontakt med festar eller pårørande, vert det sett opp melding på gravminnet.
Sjå og vedtektene for kyrkjegardane i Øygarden.
Festaren pliktar å melde adresseendring, og dødsbuet pliktar å melde frå ved overtaking av feste ved død. Dersom det ikkje er gjeve melding til kyrkjekontoret om endring eller overføring av feste, vert grava sletta.