I juni søkte vi Kirkerådet om midlar til eit prosjekt kalla «God nok». Nyleg fekk vi den gledelege nyhenda om at søknaden er innvilga. Det inneber ei 30% stilling i 1 ½ år frå 2023.
I prosjektet «God nok» vil hovudfokuset vere å styrke barn og unges psykiske helse. Vi ynskjer å skape trygge møteplassar og fellesskap der den enkelte kan erfare meistring og bygge gode relasjonar til andre. Vi vil gje barn og unge verktøy som kan styrke dei i ungdomstida.
Innovasjonsprosjektet skal også bidra til å styrke kyrkja i lokalsamfunnet, og samarbeid med lokale aktørar vil vere sentralt i prosjektet. Vi ser fram til å utvikle prosjektet «God nok» i tida framover.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.