Nytt misjonsprosjekt i Landro

Kyrkjelyden i Landro har i mange år hatt misjonsprosjekt i Thailand gjennom Det Norske Misjonselskap (NMS). Då prosjektperioden gjekk ut ved årskiftet, ønskte soknerådet å endra misjonsprosjekt.

Unge fra kamerun poserer for bilde. Hvit skrift oppå bildet med visjonen: saman forandrar vi verda.

Frå 1. januar 2025 valde soknerådet å knytta misjonsprosjektet sitt til Kamerun der NMS har samarbeid med Den Evangelisk-lutherske kyrkja i Kamerun (EELC). NMS støttar kyrkja på fleire ulike område, t.d. undervisning av døve, radiostasjonen Evangeliets Røst, presteskule og bibelskular.

Kyrkjelyden i Landro ønskjer å spissa si støtte til det som heiter Sør-Sør-Misjon Kamerun -Mali. EELC har i fleire år sendt misjonærar til Mali og har f.t. to misjonærektepar i teneste i MELM (Den evangelisk-luthersk misjon i Mali). Direktøren i MELM, Magadji Joseph, kjem også frå Kamerun. Dei kamerunske misjonærane arbeider innanfor evangelisering og kyrkjelydsbyggjande arbeid. Dei gjev trusopplæring til nye kristne og legg til rette for kristne fellesskap mellom fulanitalande.

NMS bidreg til å finansiera kyrkja i Kamerun sin misjonsinnsats i Mali gjennom misjonærutsending og anna støtte til arbeidet der.

Frå 1. januar 2025 er dette Landro kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt, gjennom bøn og økonomisk støtte!

 

 

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"