Stemningsfylt og myldrande

Det er både nært og rørande i adventspynta kyrkjerom når 20 tre-åringer med familiane sine tropper opp for å motta boka "Rom for ein liten" på familiegudsteneste første søndag i advent. 

Prest og pedagog står framme i kyrkja og deler ut bøker til tre-åringer som er med foreldre og besteforeldre
Glede skin i auga og jubelen sit i kroppen. Så stolte og nysgjerrige når dei alle får bla i den nye boka si. Kyrkja er ein arena, nei heller eit fang, der folk frå alle generasjonar får møtast og varme kvarandre med smil og gode ord. Ramma er lystenning, vakker barnesong, orgelbrus og prestens varme tale om Gud som kom og kjem til oss  alle. Han som alltid har rom for ein til på sitt gode fang. Då kjenner vi at vi er midt i jula sin sentrale og evige bodskap om fred og glede for alt folket! 
 
Barnekor ståroppstilt på korkrakker og synger, en dame står og dirigerer de
Landro barne- og teenskor var med og sang flott under gudstenesta
 
fire jenter og en dame står over et brett med te-lys og tenner lys
Det var fint å få tenne lys.
 
Presten står og leser fra juleboka med barn og voksne framfor seg
Prest Knut Kaldestad las frå boka tre-åringane fekk i gåve.

Beklager, men vi kan ikke finne din posisjon pga instillingene i nettleseren din. Du må tillate autolokasjon for å kunne benytte denne funksjonaliteten:

Se instruksjoner for din nettlester under:

Internet explorer

Internet options / Privacy / Location / klikk på "Clear sites"

Chrome

Settings / Advanced / Priacy and security / Content settings / Location -> Fjern "kirken.no" fra blokkert-lista

Firefox

Options / søk etter "location" / settings / Fjern "Kirken.no" fra blokkert

Safari

Settings for this website / Location -> "Allow"