I kyrkjerommet var det rigga til ei adventsvandring der vi saman fekk bruke mange ulike sansar. Vi fekk mellom anna høyre den vakre englesongen, sjå på stjerna på himmelen, klappe på sauane på betlehemsmarka, og sjølvsagt lukte på røykjelsen. Nokre av dei vaksne fekk ta på seg kongekappe og krone, og vise fram dei flotte gåvene dei hadde med til barnet i krybba. Vi tente også lys i lysgloben, som ei bøn for familiane våre. Undervegs song vi fleire ulike advents- og julesonga
Etterpå koste vi oss med julelunsj ved langbord i kyrkjelydssalen.
Vi gler oss til å treffe små og store igjen på babysong i januar.