Konfirmantane rullerte mellom mange stasjonar og fekk med ulike innfallsvinklar eit lite innblikk i situasjonen til koptarane som lever under svært vanskelege forhold i søppelbyane i Kairo.
Johanne deler historiar frå Egypt på konfirmantleir
Konfirmantane får prøve å ta 'tatovering' med koptisk kors
Etter fullført aksjon, kom konfirmantane kalde, men i godt humør tilbake til basen i Blomvåg kyrkje litt utpå kvelden. Der venta det vaflar og kakao for både bøssebærarar og foreldre som stilte som sjåførar. Det vart også litt tid til å dele litt historiar innsamlingrutene. Dei kunne fortelje om stort sett hjarteleg mottaking og god respons på replikkane dei hadde øvd på, mens dei satt i bilen. Nokre hadde til og med vorte invitert på brus og sjokolade.
Oppteljinga viste at resultatet vart ganske likt som i fjor. Det vert litt mindre i bøssene for kvart år, men heldigvis tilsvarande meir på Vipps. Sluttsummen vart 34500 kroner til arbeidet i Egypt.
Siste briefing i Blomvåg kyrkje før konfirmantane skal ut med bøssene.