Kyrkja i Øygarden har ansvar for trusopplæringa til born og unge. Det er omlag 900 born og unge i Hjelme og Blomvåg sokn mellom 0-18 år. Vi ønskjer å ha eit godt tilbod for alle barn og ungdommar i kommunen. Vi ønskjer å leia alle døypte inn til eit liv som disiplar av Jesus. Kyrkja driv eit omfattande barne- og ungdomsarbeid i Øygarden i samarbeid med fleire organisasjonar for å nå dette målet. Både på bedehusa og i kyrkja vil du finna tilbod som passar for alle aldrar!
Klikkar du på lenkene under finn du informasjon om dei ulike aktivitetane som kyrkja sjølv driv og aktivitetar der kyrkja direkte eller indirekte samarbeidar med frivillige.
Det er mange som deltek på våre leirar på Skjergardsheimen. Leirane er frå 1. klasse og opp til 10. klasse. Program vert delt ut på skulane, med informasjon om påmelding.
Gjennom året er det også opplegg med Den kulturelle skulesekken, arrangement knytt til påske og barnehage- og skulegudstenester før jul.
Dele-knapper kan ikke vises uten at du samtykker til bruk av funksjonelle cookies. For å gjøre dette må du trykke på knappen helt nederst i venstre hjørne og marker sjekkboks for funksjonelle cookies og deretter klikke på \"Oppdater samtykke\". Evt. klikk på \"Godta alle cookies\" for å godta alle kategorier av cookies. Deretter må du laste siden på nytt.